24. mars 2024

Ikkje ferdig med snøklokkene heilt enno




Kanonflott vêr ute i dag, likevel blei det ikkje sundagstur. Eg jobba nemleg i går og skal på jobb igjen i morgon og trong dimed dagen i dag til å gjere ganske lite. Senke skuldrene littegrann. Men ein tur utanom døra nettopp for å kjenne sola i andletet, det måtte me begge to. Kom oss til den botaniske og blomane der, og sat på ein benk og las i kvar vår bok. Påskestemning på jobb med påskekort, krimbøker og kjekke brettspel. Mange nye bøker å plassere og dagane har stort sett gått i eitt. Godt å kjenne at det blir lysare og lysare ute, både veg til jobb og på veg frå jobb. Tenk, i morgon byrjar "Påskelabyrinten", og eg har så vidt byrja å sjå ein av årets påskekrimseriar på NRK Nett-TV. Og så blir det sikkert krimbøker dei nærmaste dagane. Prøver å runde av her, ikkje alltid like enkelt:
 
plukke snøklokker, ha dei med heim og sidan setje dei i den raude rullesteinsvasen vår
bittersøt avslutning på Endeavour – utruleg bra og verdig, men likevel bittersøt 
både interessant og lærerik leseoppleving då eg las Annleislandet Svalbard av Line N. Ylvisåker 
ny video frå Miranda, kjekt å høyre meir om hennar nyaste leseopplevingar og sjå fine bruktbøker
spele litt Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen i lag med verdas beste
sitje på ein benk i solskinet og lese i ei bok
fleire søte påskekort (og ein liten påskekylling) på jobb 
synest denne sitronostekaka høyrest veldig god ut
raudstrupen i den botaniske hagen, akk, så vakker
å, finaste The Secret Garden av Frances Hodgson Burnett (og endå fleire snøklokker!)
høyre på roleg musikk og bruke siste rest av kveldane til å lese
sykle til og frå jobb, i alle fall når det ikkje bøttar ned
Bami og Dami som no får vere i lag med dei store kattane, og småpusane er framleis like søte
komme eit godt stykke vidare på fotoboka
og det er ordentleg hygge i å sitje og sjå på bileta og mimre tilbake til Finland og Åland
apropos kattar: prøve ut spelet "Calico", flott med alle fargane og mønstera og artig med kattane
snøklokkebonanza
bibliotekshyller bada i solskin!
sundagskjensla: kaffi, ei god bok og litt søtt attåt kaffien
møte to tidlegare kollegaer på to dagar medan eg var på jobb, noko som var veldig koseleg
bok nr. tre i Lovelight Farm-serien, likte veldig godt Layla og Caleb si historie

Legg igjen ein fin tanke