God kveld i stuggu. Kva har du gjort i helga? Me har sett ein film på kino og ein film her heime. Lese har me også, og no i kveld blei det middag heime på Sola. God middag, og me hadde med oss ei knallgod kake som me kjøpte frå Ryfylke bakeri på REKO-ringen på torsdag – det fortente mamma no på morsdagen! På torsdag kunne ein lese Go-Ahead-reklamen på VG, og eg synest sjølv det heile blei ganske bra :) Nokre rolege dagar på jobb, ein travel dag og sidan fri frå jobben på fredagen sidan me skulle spele DKS-konsertar i lag med orkesteret. Rart med det, helga går liksom litt for fort, om berre nokre timar er ei ny veke i gong. Ganske mange kjekke punkt frå denne veka, berre sjå:
✦ artig å lese Tommy og Tuppence-boka Mannen som var nr. 16 av Agatha Christie
✦ vente-på-bussen-på-veg-heim-frå-jobb-ein-februarkveld-utsikt
✦ kaffi i ein Mummi-kopp og litt lesetid mellom konsertane
✦ annonsørinnhaldet frå Go-Ahead på vg.no – både kjekt og stas å sjå resultatet
✦ morsdagskake og brettspelet "Bezzerwizzer" (ordvarianten) heime på Sola no i kveld
✦ tihi, litt artig at LEGO-fotballbana passa ypperleg til boka Only When It's Us av Chloe Liese
✦ Strikkefeber har så mange flotte fargar i garnet Fat Mohair
✦ stearinlys og lesestund om kveldane
✦ fin, rosemåla stol hos Heddas gård som no har opna innekafé inne på låven
✦ morosam musikkparodi med Markus Nerby og Gustav Nilsen
✦ kino for å sjå The Banshees of Inisherin, for ein sær, morosam og bra film med nydeleg landskap!
✦ og det var sol ute, så det gjorde godt å sykle ned til byen
✦ ettermiddagssol på togperrongen
✦ høyre på det nyaste albumet til Markéta Irglová
✦ slappe av med ein Great Canal Journeys-episode – sjekk ut kule Barton Swing Aqueduct
✦ fredag med tre skulekonsertar i lag med orkesteret
✦ strikke vidare på det eine strikkeprosjektet
✦ isdans frå OL 2018 med musikk frå Moulin Rouge – Tessa Virtue og Scott Moir er så elegante
✦ eigentleg førre sundag: musikalkonsert med Jannike Kruse og Espen Grjotheim
✦ når sistnemnde song "Pity the Child" frå Chess, eg fekk gåsehud!
✦ blir aldri lei av å sjå ein solnedgang medan eg sit på toget på veg heim frå jobb
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åh, Stavanger altså. Der kommer våren tidlig :) Der har jeg enda ikke vært, og får veldig lyst til å besøke nå som jeg får masse fin Stavanger-inspirasjon fra bloggen din. Nydelige bilder!
No har til og med snøklokkene byrja å poppe opp, og det går verkeleg mot vår! :D Kjekt å høyre at bileta kan vere litt Stavanger-inspirasjon!
Legg igjen ein fin tanke