16. jan. 2023

"For nå kommer du og jeg og dompapen..."


Lenge har eg sett etter juleservise i bruktbutikkar og på finn.no når november og desember har nærma seg. Ønskjer å kjøpe brukt når eg kan, men dessverre fann eg aldri noko servise som i mine auge var fint eller klassisk nok. Kanskje kravstor, men det skal vere noko me kan bruke år etter år og ikkje bli lei. Plutseleg såg eg dette dompapserviset frå Porsgrunds Porselænsfabrik og eg fall pladask. Hos Christiania Glasmagasin var det på tilbod etter jula, så no har me investert i fire frukosttallerkenar og like mange djupe asjettar og kaffikoppar med skål. Hadeland Glassverk har det same motivet på nokre av sine produkt, og me kjøpte ei lita glasskål i tillegg til to krukkar (ikkje vist på bileta). Det som er litt morosamt, er at me tidlegare hadde kjøpt ein liten karaffel med dette motivet, så ein kan nesten seie at me byrja å samle for nokre år sidan på akkurat dette serviset ;) Dompapane er så søte og den lille sølvborden rundt kantane er prikken over i-en. Gleder meg til å ta serviset i bruk kvar desember. Eit klassisk servise med naturmotiv, heilt perfekt til vinteren.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Å, det serviset har jeg også sett på! Dette er så absolutt et lekkert service synes jeg. Så delikat med de fine grenene og borden. Gratulerer :)

Silje sa...

Serviset er liksom akkurat passe som julemotiv, ein kan jo faktisk bruke det som eit vinterservise om ein vil sidan det ikkje er nissar eller juletre. Og så er det ikkje for mykje av motivet på, flott og klassisk i mine auge :)

Legg igjen ein fin tanke