20. jan. 2023

Mitt bokår 2022 📚


Alltid like vanskeleg å prøve å oppsummere eit bokår. Også i 2022 las eg ein heil haug, nærmare bestemt 142 bøker. Veldig gøy at 75 av desse var frå eiga bokhylle, det vil seie omtrent 52 prosent. Mi eiga utfording i år blir å fortsetje å lese frå eiga bokhylla og lese ei diktsamling kvar månad. #readchristie2023 blir det også tid til. Elles kjem eg til å lese det eg vil, når eg vil – for meg er skal det vere kjekt og avslappande. Få meg til å både le og gråte, rett og slett kose meg med lesinga. Kva las eg så i fjor? Som eg skreiv, er det ikkje berre berre å oppsummere så mange bøker i eit innlegg. Men det blei i alle fall jo ei Christie-bok kvar månad, for krimbøkene hennar er alltid ein slager. Ann Cleeves sine krimbøker har eg også lese nokre av, og mot slutten av hausten las eg bok nummer tre i Torsdagsmordklubben-serien
av Richard Osman. Betre kosekrim skal ein leite lenge etter.

Å oppdage ei ny verd, å berre dykke ned i ei bok, nesten sluke den. Det treng ikkje å vere at forfattaren faktisk har oppfunne noko heilt nytt, det er nok om orda og setningane berre vil få meg til å lese meir, meir, meir. The Reading List av Sarah Nisha Adams (hallo, bøker om bøker), How the Penguins Saved Veronica av Hazel Prior og gjenlesing av Red, White and Royal Blue av Casey McQuiston var alle bøker eg slukte. Og så var det så kjekt å vere tilbake i den magiske bokhandelen i bok nummer tre om Tilly og Oskar: Tilly og kartmysteriet av Anna James. Altså,
å kunne snakke med sine favorittkaraktarar og bli med dei til deira verd, tenk om me faktisk kunne det

For det meste les eg enkeltståande bøker, men om eg skal nemne ein serie, må det bli bøkene til James Herriot. Bøkene som inspirerte TV-serie All Creatures Great and Small. Til no har eg lese seks av dei, og heldigvis har eg endå fleire ståande i bokhylla mi. Eg fell nokre tårer, smiler og småhumrar for meg sjølv når eg les desse bøkene!  men denne serien fengar berre meir og meir!

The Sign for Home
av Blair Fell The Love Hypothesis av Ali Hazelwood, The White Christmas av Colleen Wright og The Social Que av Kay Kerr var alle bøker som overraska meg på eit eller anna vis. Til dømes så var The Sign for Home skrive med ein meir tyngde, ein meir spiss penn enn det eg trudde samstunde som det var ein del humor der også. The White Christmas trudde eg var meir "lettbeint" julebok enn det den eigentleg var, og eg må seie at den rett og slett var alt på ein gong; både julete, fin, sår, artig og hjartevarm.
 
Mange av bøkene eg les, er ekte feel-good, det skal eg ærleg innrømme. Samstundes las eg fleire bøker i fjor som tar opp viktige tema. Obie is Man Enough av Schuyler Bailar, Derfor må du vite at jeg er same av Ella Marie Hætta Isaksen og Blomsterdalen av Niviaq Korneliussen er alle bøker som eg lærte meir av og der forfattaren skriv med både såre og tøffe ord. Teikneserieboka Forår i Tjernobyl av Emmanuel Lepage kjem også til å sitje i lenge. 
 
I fjor kunne me endeleg reise utanfor landet igjen, og togboka Ferie med tog av Sigrid Elsrud var ein herleg inspirasjon. Så klart reiste eg også med andre bøker:
den fjerde boka i Tremarnock-serien, A Cornish Secret,  tok meg med til Cornwall Ditt fravær av mørke av Jón Kalman Stefánsson tok meg med til Island og Morgen i Jenin av Susan Abulhawa tok meg med til Palestina og Midtausten.

Både når eg ser filmar og når eg les bøker, byrjar ofte tårene å renne. Det er nok fleire bøker enn eg hugsar som fekk meg til å gråte i fjor, men eg veit at Julens ni liv av Florence McNicoll verkeleg fekk fram tårene i auga mine. Slutten på Hestekunstneren av Jojo Moyes og Can You See Me? av Libby Scott og Rebecca Westcott må eg også nemne her.
 
Men det er ikkje berre tårer, det er mange bøker som har gitt meg ein god latter med herleg humor Ex Libris: Confessions of a Common Reader av Anne Fadiman fekk meg fleire gongar til å småhumre, for her var det mange ting eg kjente meg igjen i som ein bokelskar. Isn't it Bromantic? og A Very Merry Bromance av Lyssa Kay Adams, bok nummer fire og fem i The Bromance Book Club-serien fekk meg til å ville ha meir, og Thank You for Listening av Julia Whelan var akkurat passe herleg, romantisk og morosam. Å sitje under eit varmt pledd med noko varmt i koppen og kose meg med ei super bok er for meg er lik ein god, varm klem.

Nokre forfattarar klarer å skrive bøker som rett og slett er vakre. The Landscapes of Anne of Green Gables av Catherine Reid var berre så utruleg vakker med bilete frå finaste Prince Edward Island, utdrag frå bøkene til L. M. Montgomery og meir om hennar forfattarskap. Vil tilbake til den øya no med ein gong. Å vanne blomster om kveldene av Valérie Perrin er sår og vakker på same tid (og sleng på litt krim, for det er ein roman som rommar det aller meste). Det regnet fugler av Jocelyne Saucier og klassikaren Black Beauty av Anna Sewell var også nydelege bøker, og den sistnemnde var så mykje meir enn det eg trudde.

Legg igjen ein fin tanke