27. jan. 2023

På ei ferje og eit tog for å komme oss heim


Aller siste del av fjorårets interrailtur. Dei to siste dagane var reine transportetappar, og det blei tatt få bilete. Trur eg byrja å bli litt sliten av å vere på tur, i alle fall når også turen frå Utrecht til Eemshaven blei meir stressande enn naudsynt, akkurat som turane til Thirsk og London nokre dagar før. God frukost før me pakka og byrja på togturen til Eemshaven. Lett krisestemning når det eine toget ikkje gjekk lengre enn til Zwolle grunna skade på linja, me skulle jo nå ei ferje! Heldigvis gjekk det lokaltog til Groningen, og me rakk toget til Eemshaven. Ferja stod klar, me sjekka inn, fann lugaren vår og tok ein liten kvil. Elles ein roleg kveld: åt middag, las litt i kvar vår bok, løyste kryssord og fekk sett ein knallfin solnedgang over horisonten med vindmøllene langt der ute.


Sov greitt i lugaren og etter kvart blei det morgon. Åt frukost og las litt medan me venta på å gå i land. I Kristiansand hadde me litt tid å slå i hel før togturen heim til Stavanger. Naut ein knallgod is på Sval, den same kaféen som me var innom på veg til Nederland og England, tihi! Kaffi og bok på toget er alltid ein slager, og me fauk forbi vatn, små båthus, blå himmel og fleire togskjener før me til slutt var heime i vår eigen by, heime i leilegheita vår. Eit ordentleg flott togeventyr var over!

Legg igjen ein fin tanke