Siste stopp i Windermere før me drog tilbake til Kendal, var museet The World of Beatrix Potter. Verkar namnet kjent? Beatrix Potter var skaparen av Petter Kanin (Peter Rabbit på engelsk) og fleire andre kjente figurar, til dømes grevlingen Tommy Brock frå
historia The Tale of Mr. Tod.
Til saman skreiv ho skreiv tretti barnebøker, og eg kan vel eigentleg ikkje hugse å ha lese desse – for meg er det barne-TV-serien på nittitalet som gjer at eg veit kven Petter Kanin og venane hans er. Songen "Perfect Day" med Miriam Stockley var introen til kvar episode, og Niahm Cusack spelte Beatrix Potter (artig at Cusack var med i dei fyrste sesongane av Heartbeat). Sjølve introen var med ekte menneske og dyr før det sidan gjekk over til animasjon. Gode barndomsminne. Museet er fullt av levande detaljar, og det var kjekt å bli litt betre kjent med mellom anna Mrs. Tiggy-winkle, ekornet Nutkin, Jemima Puddle-duck, som forresten flaug nær taket, og fleire andre finingar.
I 1905 kjøpte Beatrix Potter Hill Top Farm i Near Sawry i Lake District. Opp gjennom åra kjøpte ho fleire gardar for å bevare naturen og landskapet i Lake District og ho var også saueoppdrettar. Ei flott og interessant utstilling som no gjer at eg vil lese bøkene og utforske hennar forfattarskap