Så klart har me også fått tatt turen innom bruktbutikken på Kyrkjetorget. Dei har alltid så mykje fint der. Og ein del rare ting. Kaffiserviset fanga blikket mitt med det fine mønsteret medan den store sparegrisen blei i overkant som eventuell pynt. Me fann begge to eit par ting til heimen, men eg får heller vise det fram litt seinare, det same gjeld overnattingsplassane me var på i helga og all den vakre, norske naturen. Får ha ein del av det til gode når august og etter kvart kvardagen kjem.
30. juli 2021
Kjempekoseleg kafé og alltid Kyrkjetorget
Merkelapp
loppis og gjenbruk,
mat og drikke,
reise
29. juli 2021
Liafjellet
Merkelapp
tur
28. juli 2021
Ytst ved Sognefjorden
Som vanleg når me er på ferie, tar eg litt for mange bilete. Eg sletter nokre av dei litt etter litt, men det blir mange bilete likevel. Nokon andre som kjenner til det problemet? ;) Me slappar av her på Sunnmøre, og som eg skreiv på måndag, tenkjer eg ikkje så mykje på bloggen – ferieinnlegga kjem når eg har tid og ikkje naudsynt i kronologisk rekkjefølgje. Men her kjem eit biletedryss frå Brekkestranda Fjordhotel, vårt fyrste stopp. Hotellet ligg nydeleg til ytst ved Sognefjorden, fint rom og her fann me roa utpå kvelden med kvar vår bok og ein is til dessert etter middagen.
Merkelapp
reise
26. juli 2021
Sundagsliste ein dag på etterskot
✦ likte godt den nyaste boka til Kristin Harmel, nemleg Boka med glemte navn
✦ fyrste dose med vaksine tok eg to dagar før me drog – hurra!
✦ is og lesing ute på balkongen etter vaksinen
✦ stas å gå ein liten tur opp til Nigardsbreen i går i nydeleg vêr
✦ lesestund ute om kveldane både ved Brekkestranda og ved Nes Gard
✦ ein husky som blir ven med fleire, skjønne kattungar
✦ gyllen morgonsol på veg til jobb ein av dagane
✦ og kveldssola ved fjorden då me overnatta på Brekkestranda Fjordhotel frå fredag til laurdag
✦ herleg å bade i Lustrafjorden
✦ sjølv om eg ikkje kjøpte mange bøker, var det gøy å stikke innom Den norske bokbyen i Fjærland
✦ altså, skjå kor innmari søt denne lille kvalpen er!
✦ ein av dei faste badegjestane som skrytte av spelelista me hadde på høgtalarane den dagen
✦ alltid like flott å køyre over fjellovergangar i vårt lille land
✦ ha med strikketøyet på ferie og verkeleg komme i gong med ein ny genser
✦ blir aldri lei av å høyre "Vidda" når me køyrer langs den ville, norske naturen
✦ historisk og gammal stil på Nes Gard, her kjem me gjerne tilbake
✦ ete og prate med eit venepar ein times tid i Skjolden i går
✦ at me – om ikkje anna – har hatt heilt strålande vêr desse fyrste dagane av ferien vår
✦ stilig med norsk OL-gull i triatlon
✦ lese ut klassikaren Reise i måneskinn som nyleg er omsett til norsk (kom ut på ungarsk i 1937)
✦ eventyrleg overnatting i ei slags hobbithytte ved Sjodalen hyttetun og camping
✦ sjå hare og ekorn då me overnatta i nemnde hytte
Merkelapp
sundagsliste
23. juli 2021
Tilbakeblikk på fjorårets bilferie
No er me på veg! Årets sommarferie er i gong og fyrste stopp blir Brekkestranda Fjordhotel. Ting tar tid, men eg var nyleg ferdig med å setje saman alle dei små videosnuttane frå fjorårets bilferie til ein lengre video. Her finn du elvar og fjelltoppar, solnedgang og heimelaga bringebærsyltetøy, pingvinar og geiter, ein bilferie i Noreg slik den kan sjå ut. Hei, hurra for sommarferie!
Merkelapp
reise
21. juli 2021
Skeieturen
Merkelapp
tur
19. juli 2021
God middag med historisk sus 🍽
Merkelapp
bryllaup,
mat og drikke
18. juli 2021
Klar for ferie
✦ språket til Jón Kalman Stefánsson, like fint i Stjernens knitring som i dei andre bøkene hans
✦ blir ikkje lei av å spele "Kortskalle" – så enkelt og likevel så artig
✦ filmen The Mitchells vs. the Machines på Netflix var ei herleg overrasking
✦ mange gode tips til forskjellige kulturopplevingar rundt om i landet no i sommar
✦ tinge overnattingar til ferien
✦ kaffidate på kafé i lag med ei god venninne som eg ikkje hadde sett på lenge
✦ Twiggy-topp i tre forskjellige variantar, den nyaste i ein kort, varmgul variant
✦ "Top 10 Greatest Broadway Love Songs" – med songar både frå RENT og Little Shop of Horrors
✦ finfin bokkopp, kakao med bittesmå marshmallows og bok
✦ lese ut novellesamlinga Avgrunnen og andre noveller av Doris Lessing
✦ hadde vore kjekt å stikke innom kaffibrenneriet Jacu når me er i Ålesund
✦ ete sundagsmiddag på Kronen Gaard i lag med heile familien
✦ og det var litt ekstra stas å ta på meg ein av kjolane som eg har arva frå mamma
✦ balkonglesing fleire av dagane, noko som gjorde godt for kropp og sjel, særskilt etter jobb
✦ lille, søte Coco er på farten igjen
✦ kjøpe garn i ein heilt nydeleg farge, gleder meg til å byrje å strikke ein ny genser
✦ kjempefin tur (Skeieturen) i går, og det var gøy å prøve å hengje i ei lita linebane
✦ stikke innom Heddas gård heilt på slutten av gårsdagens tur
✦ Litlefjellet kan bli ein bra gåtur når me om ikkje lenge skal til Møre og Romsdal
✦ bra skrive frå Håheim om det å ta over familiegarden
✦ nybakt brød ikkje lenge før leggjetid
✦ prøve å finne ut kva bøker eg skal ha med meg når me reiser på fredag
Merkelapp
sundagsliste
Abonner på:
Innlegg (Atom)