3. mars 2021

Storhaugturen



Og me fortset å gå kvardagsturane. På sundag, den siste vinterdagen for denne gong, sykla me til Storhaug der me fann ein plass å setje frå oss syklane før me etter kvart byrja å gå Storhaugturen. Nesten seks kilometer (me sparer dei lengre turane til det blir endå varmare vêr) langs sjøen, i bustadsområde, opp på ein haug og gjennom byggeområde. Litt av alt med andre ord. Me hadde ikkje komme langt før eg måtte stoppe for å ta bilete: snøklokker! Det aller vakraste vårteiknet! Tenk at eg på fredag skreiv at det sikkert kom til å ta litt tid før dei poppa opp sidan det har vore ein kald vinter. No er dei her, våren er her. Såg ein liten krokus også, lilla og med regndropar på.

 


Alt ein ser når ein er ute og går. Heimestrikka vott, to fine personar, blikkfang på ein vegg, ei lita brygge og eit like lite fyr. Over sjøen låg det ein tynn dis som skapte eit trolsk lys. Me gjekk og prata, såg oss omkring og verkeleg naut at det var vår ute. Kanskje ikkje offisielt – fyrst i dag kan me seie at våren er her, men det var vår i lufta også i går. Sola skein, og me gjekk utan hansker og lue.

 

Langs ein del av ruta er det for tida mykje byggearbeid. Ikkje det finaste å sjå på, men det er det som er kjekt med desse turane: me får sett og oppdaga så mykje forskjellig. Nok eit blikkfang på ein vegg, denne gongen på ei større blokk. Stilig! Oppe på ein haug (det heiter jo faktisk Storhaug) fekk me ein kanonbra utsikt over byen. Artig å sjå byen vår frå ein annan vinkel. Me gjekk ikkje forbi berre nye hus og leilegheiter, men også eldre hus som er over hundre år gamle. Sjå fargen og sjølve arkitekturen! Nok ein flott T-tur var over, og eg satsar på mange fleire i løpet av året.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så magisk stemning ;) Spesielt med vårtegn! Takk for at du tar oss med på tur Silje ♥

Silje sa...

Snøklokker er noko av det vakraste eg ser ute i naturen ♥ Ei glede å kunne ta med lesarar på slike flotte turar i skog og mark :)

Legg igjen ein fin tanke