7. mars 2021

Ute på PEI, på kafé og på sundagstur




Grei veke på jobb med vinterferiekjensle sidan me har hatt meir oppe for publikum. Så får me sjå kva som skjer dei neste dagane med nye nasjonale tiltak. Kjenner at hovudet ikkje heng heilt med og at det har vore både opp og ned i helga. Herleg med fri, lesing, tur og brettspel, men eg har ikkje funne heilt roa. Trur me er fleire som kjenner det slik, eg veit det, og eg ønskjer ikkje at bloggen skal bli ein klagestad. Men eg trur det er viktig å seie at kvar dag ikkje er like god, at det å stå midt i ein pandemi ikkje er enkelt. Pust. Ta ein kvil, sett på roleg musikk eller ein favorittserie (eg skriv det like mykje for meg sjølv som til de som les her inne). Kaffidate med ei god veninne, bra bøker, sundagstur og vårlyset – den fyrste vårveka har sånn sett vore god, noko også punkta viser:

✦ lese ut Emily's Quest, den siste boka i Emily-trilogien – å, som eg saknar PEI!
✦ snøklokker og helleristningar ute på Austre Åmøy der me gjekk ein god sundagstur
✦ nyaste vloggen frå Jonna
✦ koseleg med kaffidate på kafé med ei god veninne eg ikkje har sett på lenge
✦ vårlyset inn i leilegheita fleire av dagane etter jobben
✦ "Året som gikk" – ei treffande oppsummering med både opp- og nedturar inne hos Et katteliv
✦ sjå endå fleire episodar av Mord i paradis
✦ tre garnnøste i flotte fargar
✦ spele ein runde med "Ticket to Ride" (og denne gongen var det eg som vann)
✦ søte, små geitekillingar og ei stor, svart høne – søte heile gjengen
✦ prate med ein tidlegare kollega då eg henta bøker på Madla bibliotek
✦ at det byrjar å lysne tidleg, såpass tidleg som når eg syklar ti over seks om morgonen
✦ fuglane som kvitrar på veg til jobb
✦ når ein ikkje kan reise: å lese Lonely Planet si sak om togturen mellom Oslo og Bergen
✦ portrett av Ron Weasley laga av fleire Rubiks kubar, skikkeleg tøft og stilig
✦ sola i andletet då eg sykla frå jobb eit par av dagane
✦ sjå fram til eit par fridagar i påska, forhåpentleg på hytta
✦ sykle forbi Siddis-stova (BUL-huset) og skulen der eg gjekk på musikklinja, mange gode minne
✦ desse oreosnurrane ser kjempegode ut!
✦ laurdagspizza og den tøffe, intense og gode filmen Training Day på Netflix
✦ kose meg med den (til no) siste episoden av Truls à la Hellstrøm, dei er verkeleg eit radarpar
✦ Lars Saabye Christensen bok om si eiga farmor i ein undrande, spørjande og utforskande tone

Legg igjen ein fin tanke