8. mars 2021

Austre Åmøyturen


Ut på tur ute på ei øy. Åmøy ligg ein tunnelkøyretur unna sentrum, men er likevel ein plass eg berre har høyrt om, aldri besøkt. I går lånte me bil, fekk med oss broremann og stakk ut til Austre Åmøy for å gå den merkte kvardagsturen. Vestre og Austre Åmøy var tidlegare delt mellom kommunane Rennesøy og Stavanger, men med samanslåinga i fjor ligg heile øya no i Stavanger kommune. Litt sur vind innimellom, noko som ikkje så mykje sidan det stort sett var sol og flott vêr. Måtte le litt av "here's Johnny"-teikninga på ei raud låvedør. Og så vegane som møttest, nord møter sør ;)

 

Fleire plassar stoppa me opp for å lese infoskilt. Det er nemleg mykje historie der ute på øya, og bautasteinane ein ser på biletet, er dei høgaste i Stavanger. Pigghedlene heiter dei, og sagnet fortel at to kongar er gravlagde der dei står. Ein annan stad stoppa me opp for å studere helleristningane. Helleristningssamlinga er ei av dei største i Europa. Åmøy var eit religiøst sentrum i bronsealderen og det er mange varierte motiv blant desse helleristningane som øks, fisk og skip.




Vidare traska me langs hovudvegen før me skulle inn i eit lite skogområde. Barnålane på bakken var i ein vakker rustraud farge. Me fann ein benk der me åt ein liten matbit og drakk god termoskaffi. Sat ikkje lenge, for akkurat der var det kaldt med vind i nakken. Fint var det no lell med vatnet som skvulpa, alle dei runde steinane, stilla og ei eiga ro, to fine personar. 







Etter samanslåinga av Finnøy, Rennesøy og Stavanger, er no Stavanger den kommunen i Noreg med flest sauar. Tihi! Såg fleire av dei langs vegen i går, men det aller finaste var snøklokkene på bakken og ein liten hest som kom for å møte oss. For eit snilt og koseleg andlet! Midt i slike rare dagar, er det slike turar som får fram smilet. Gleder meg til å uforske fleire turar i vår eigen by.

Legg igjen ein fin tanke