5. mars 2021

Vårlyset rett inn i heimen



Ikkje akkurat no, men tidlegare i dag. Nærmare bestemt rett etter jobb. Eg kom inn døra og der sat mannen min i sofaen med ein caps på hovudet. Han måtte nemleg ha den på for å få skugge frå sola medan han jobba (heimekontor, veit du). Inn i stova skein sola. På det fargerike, hekla teppet, på skjenken med bryllaupsbiletet og den kule lampa. Hi, hi, me er ikkje dei som byttar stil og interiør ofte, for det er mykje som er likt som då me flytta inn for gode seks år sidan. Men me liker det. Fargar, retro og heimelaga. Sidespor, det viktigaste i dag var sollyset. Solskinet inn i heimen vår. Lengre og lysare dagar inne som ute. Kaldt ute når eg har sykla om morgonane, men likevel: våren er her! Etter fem tidlege dagar med attpåtil fleire badepuljar på grunn av vinterferien, er det greitt å ikkje ha mange planar i helga. Eller, eg saknar det å vere sosial på vanleg måte, men det er slik livet er akkurat no. Håper det blir mykje lesing, kanskje litt krim på skjermen, ein tur i dagslyset 

Legg igjen ein fin tanke