21. mars 2021

Rolege fridagar





Morgonvakt på måndag, kveldsvakta på tysdag og ei morgonvakt igjen på onsdag. Litt rart skift denne veka, men av og til blir det slik når ein hjelper kvarandre og med det byttar noko om på skiftplanen. I løpet av fridagane mine har eg for det meste brukt tida mi på å lese og strikke. Høyrt på roleg musikk, sett eit par episodar av Mord i paradis og fått med meg ein del av innslaga på den digitale Krimfestivalen. To turar til biblioteket (må ha bøker til påska), fint vårvêr både til og frå jobb og ein bra sundagstur med den vanlege kohorten er anna fint i det siste, under kjem resten:

✦ kjøpe ein liten ildtopp i ein gul og kul vase til mannen min... vel, til heimen vår ;)
✦ starte veka med å gå heim frå jobb i strålande solskin
✦ kjempefint puslespel (og Mira er som vanleg ein nysgjerrig og finfin pus)
✦ lese ut den tredje boka i Kroken og Koldens nynorske krimserie
✦ kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso på piano i den nyaste episoden av Eides språksjov
✦ og så temaet frå Poirot under opninga av (den i år digitale) Krimfestivalen
✦ Synnes innlegg om at det er eitt år sidan me fyrst stengde landet – les det no!
✦ knallbar vårvêr til og frå jobb tidleg i veka
✦ strikke ferdig Twiggygenseren og sy på albuelappar
✦ og byrje å strikke ein ny topp
✦ knallblå himmel og herleg solskin vegg i vegg med svømmehallen
✦ sollyset mellom trea ved Mosvatnet ein dag
✦ fuglane som syng så høgt, så høgt
✦ krokusar og endå fleire snøklokker – våren er verkeleg noko av det finaste
✦ tur i Melsheia tidlegare i dag, artig å sjå små trestubbar fulle av mose
✦ full "krig" om ein eplebit mellom eit ekorn og ein fugl
✦ Judy Collins med "Send in the Clowns" på radioen då me køyrde heim frå dagens tur
✦ tetid med ein liten kjeks og ei god bok, liker slike kveldar
✦ nyttår i Lapland, januarstemning og vinter i Porvoo – tre flotte innlegg inne hos Niina
✦ ete god laurdagstaco, spele "Dominion" og kose oss med Kompani Lauritzen på skjermen
✦ sidan me ikkje kan reise for tida: Togeventyret av Bjørn Stærk er den perfekte boka nett no

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

For en fin søndagsliste ;) Solskinn, puslespill, påskekake, bøker, strikking og masse fint å lese og å se på ♥ Igjen må jeg bare takke for disse fine listene. Håper dere har det bra i Stavanger, og at dere begynner å bli klar for påsken ♥ Varm klem fra et vått og vindfullt nord.

Silje sa...

Blir nok ein pause med sundagslista i påska, men gleder meg allereie til å dele fine ting i neste sundagsliste ♥ Kjenner det skal bli godt med ein pust i bakken no når påska kjem, for akkurat no er det mykje med endå ei nedstening, fleire restriksjonar og alt det der. Blærk. Skal kose meg med strikketøy, quiz, brettspel, krimbøker og ikkje minst "Påskelabyrinten". Det er akkurat det eg treng no :) Varme klemmar frå sør til nord ♥

Ida sa...

Jeg skjønner SÅ godt at du syns det er mye nå ♥ Ny nedstengning og alt som følger med det. Det syns jeg også. Men skal jeg være ærlig, så syns jeg også det er bra. Forhåpentlig roer smitten seg betraktelig sånn at vi kan få litt roligere tider fremover. Og i mellomtiden har vi jo påskeferien til å pakke oss litt bort i påskekos, krim, marsipan og kakao ;) God påske kjære du ♥

Legg igjen ein fin tanke