Med sol kjem lys og glede, eit smil og lettare dagar. Ikkje at alt er fryd og gammen berre sola dukkar opp, men for min del har det vore ei noko betre veke enn det den førre var. På ein måte er det lite nytt, for ein gjengangar er den evinnelege berg-og-dal-bana. Eg håper så klart at me om ikkje altfor lenge kan gå tilbake til ein eller annan kvardag samstundes som realisten i meg veit at det nok er ei lita stund til. Mottoet for tida er dimed "dag for dag". Starta veka bra med quiz over nettet med nokon av dei finaste eg veit om. Å lese ei av Stompa-bøkene fekk fram gode minne: eg hugsar at me såg film ein og to om og om igjen då me var yngre. Lesing, gåturar til jobb, svømming og solskinsdagar er gode ting eg vil nemne her før alt det andre kjem i ei eiga punktliste:
✦ vekas absolutte høgdepunkt: videoquiz med verdas beste jenter
✦ humra høgt fleire gongar då eg las boka Stompa – dagens helt, mange kjekke barndomsminne
✦ "Det här med följare och likes" – eg kjenner meg igjen i det Beatrice skriv i innlegget
✦ lyset i skogen ein av dagane eg gjekk til jobb
✦ kose meg med ein episode av The Durrells og ein Murdoch Mysteries-episode
✦ ha, ha, litt snø og sidan mykje snø, i Stavanger-målestokk (dei to bileta av meg med munnbind)
✦ viktig kronikk om det å ta omsyn til blinde barn som lærer seg å finne vegen sjølv
✦ sol i andletet då eg traska til jobb på torsdag
✦ Fabelskog, ein nettbutikk med mange, fine motiv
✦ lese ei bok medan sola skein inn i stova
✦ svømme 800 meter og øve på å dykke ned etter øvingsdokka
✦ ein dykkar som er kjempegod ven med selar
✦ laurdagstaco og ein god film etter jobb, berre han fine og eg
✦ januarsola som kastar lange skuggar, eit lite "hei" til kong Vinter
✦ Messi og Ronaldo, to nusselege kattungar, kjempar om den same ballen
✦ fargerike lyskuler sett i eit tre rett ved Kilden
✦ lage ein sop-i-hop-pavlova, god blei den i alle fall ;)
✦ artig om ein konge og om ein mynt: "The Coinage That Never Was"
✦ såre og vakre ord i dei små forteljingane i Sunnaneng av finaste Astrid Lindgren
✦ Eides språksjov er alltid like artig, episode etter episode