1. juli 2019

Måndag med gråvêr og te

Ute er det grått og kaldt. Skulle eigentleg ikkje tru det no når me i dag skriv juli. Godt å kunne lage meg ein kopp med te, krype under eit teppe og ta fram ei god bok etter jobb. Litt merkeleg å gå dagskift etter å ha jobba helg, men me har byrja med sommaropningstider i dag, og då blir det annan kvar dag med tidleg og seint. I tillegg er det måndag til fredag kvar veke i sommar, ingen helger, men det vil då seie at eg går ti dagar i strekk no mellom gammal og ny vaktplan. Puh. Eg veit det kjem til å gå heilt fint, altså. Likevel, eg trur det er viktig å nyte slike stunder der eg berre les, drikk ein kopp med noko varmt og ikkje tenkjer på så mykje meir enn akkurat den stunda.

Legg igjen ein fin tanke