3. juli 2019

Sommarregnet

I blokka vår er det no eit firma som skiftar alle vindauga i kvar einaste leilegheit. Dei blei ferdige inne hos oss i går, men i to dagar fekk me låne huset til eit venepar rett i nærleiken. Sjølv om det framleis var litt regn i lufta, måtte eg ut ein tur i hagen deira etter jobb på måndag. For det er noko magisk med dropane under og etter regnet. Gjennomsiktige dropar på blomane, på graset og på ein busk. Ein snigel inne i sniglehuset sitt i det våte graset. Sommarregnet kan vere fint innimellom.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så vakkert ♥ Jeg elsker sommerregnet ;)

Silje sa...

Regnet om sommaren er fint, men vil no helst ikkje ha for mykje av det heller ;)

Legg igjen ein fin tanke