5. juli 2019

Vink til ein ny månad v7

Beina på bordet etter ti jobbdagar i strekk. Skal prøve å nyte denne helga til det fulle med null planar. Eller, har ein plan om å lese og om å gå ein liten tur, men elles null, niks, nada. Dagane har verkeleg foke av garde og no skriv me jaggu meg femte juli. Veka har vore prega av regn, noko det også var då eg på veg til jobb fekk tatt månadens "vinkebilete". Regnjakka og regnbuksa var på, og eg prøvde å vere rask då eg skulle ta bileta. Ikkje dei store endringane å spore, men den der benken blir berre meir og meir slitt. Og så har det komme fleire gjestar på campingplassen. For sjølv om vêret er som om det er mars, er det jo faktisk sommar. Heldigvis stakk sola fram i dag, så eit lite streif av sommar har det no vore i løpet av denne arbeidsveka. No ventar boka eg held på med.

Legg igjen ein fin tanke