8. juli 2019

Fire nye glas i kjøkkenskapet

Hei og hå! Ny måndag, ny veke, håper den har vore bra så langt. Tidleg opp i dag sidan eg skulle vere på jobb klokka halv sju, men då sluttar me jo tidlegare og eg har heile kvelden foran meg. For eit par veker sidan såg eg at Kitch'n hadde desse glasa på tilbod og eg slo til. Ut av kjøkkenskapet med seks andre glas som me synest har vore litt uhamslege og inn med desse fire. Glasa er frå finske Arabia og motiva er henta frå Tove Janssons univers om Mummitrollet og venane hans. Så fargerike og fantasifulle, dei er gode å halde i og så går dei jo som hand i hanske saman med dei fire kaffikoppane med liknande motiv. Gleder meg til å bruke desse i mange år framover.

Legg igjen ein fin tanke