10. juli 2019

Sosialt påfyll

Både fredag etter jobb og etter jobb i dag har eg vore i lag med ei god veninne nokre timar. Sjølv om eg er noko trøytt etter å ha stått opp halv seks (for eg er ikkje nokon morgonfugl), gjer det godt å vere sosial utanom jobben. Berre prate, mimre, le og prate endå litt meir. På fredag åt me lunsj på Ostehuset midt i sentrum. God mat og ein like god kaffe latte i eit supert selskap. Og forresten, gratulerer så mykje med dagen din i morgon, du fine menneske! Eg er heldig som har deg som ven!

Legg igjen ein fin tanke