✦ liker godt bøkene til Rainbow Rowell, og Landline var ei søt og litt underfundig bok
✦ "Top 10 Behind the Scenes Secrets About The Princess Diaries" – fordi guilty pleasures ;)
✦ slappe av med te og ei god bok på måndag etter jobb
✦ kulning og nøkkelharpe, så vakker musikk av Jonna
✦ kafébesøk etter jobb på fredag saman med ei av mine beste veninner
✦ å lese om Sola kommune som plantar blomsterenger for biene etter at Sofie skreiv eit brev
✦ rosene og regndropane ute i hagen til eit venepar av oss, akkurat passe kvardagsmagi
✦ ein liten "staycation" i sin eigen by, slik som Alicia i Stockholm
✦ hunden Loulou, ein kjempesøt dachs
✦ og denne søte, lille villkatten
✦ den blågrøne taksteinen på eit hus då eg sykla ein annan veg heim frå jobb
✦ ikkje så ille å ha seinvakt når ein kan sykle heim og oppleve ein slik nydeleg solnedgang
✦ så viktig å setje fokus på dyr og ferie, så les innlegget "Den vanskelige sesongen" hos Et katteliv
✦ Hvem drepte faren min, nok ei god bok skrive av Édouard Louis
✦ gode tips til korleis å reise med toget til utlandet frå Noreg
✦ ha, ha, måtte ha det litt moro då eg venta på bussen i tolv gradar og regnjakke – i juli!
✦ 25 år sidan den finaste Forrest Gump hadde premiere, og her er nokre artige fakta om filmen
✦ litt stas at forfattaren av Lukta av klor likte biletet eg la ut på Instagram
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Atter en gang en herlig liste Silje ;) Og takk for at du deler ett så viktig innlegg om dyrene ♥ Ellers ble jeg både inspirert til å se Forrest Gump og å reise med tog. Og herlighet for noen nydelige roser i regn! Ønsker deg en fin sommeruke. Klem fra oss i kattelivet.
Kunne ha stått ute i hagen og sett på dei rosene lenge, lenge, lenge <3 Klem rett tilbake!
Legg igjen ein fin tanke