14. juli 2019

Sommartemperatur, ei kul bok og ei fin bok

Ingen store planar denne helga heller, men med det skiftet me har på jobb no i sommar, kjenner eg at det er heilt greitt. Det har gått mykje i lesing i helga, og sånn sett i løpet av veka. Eg prøver å bli meir bevisst på kva eg bruker tida mi på her heime, og eg ønskjer å lese meir. TV-seriar eller ein film er jo gøy og avslappande, men samstundes – eg merker eg slappar av på ein heilt annan måte når eg les. Apropos TV-serie: me såg jo nettopp ferdig miniserien Good Omens, og eg likte den så godt at eg fann ut at eg ville lese boka. Kultklassikaren, skriven av Neil Gaiman og Terry Pratchett, blei gitt ut i 1990, men fyrst i fjor blei den omsett til norsk. Eg har verkeleg storkost meg med denne boka, så mykje herleg humor og vittige karakterar. Okei, det blei ein del om bøker og lesing her no. Jobben har vore grei trass det rare skiftet; eg skal i alle fall ikkje klage når det viser seg at me har fått mykje god tilbakemelding frå dei som arrangerte NM i undervannsrugby. På onsdag besøkte eg ei god veninne i deira nye hus, og i går gjekk han og eg ein runde rundt Stokkavatnet. Snart er ei ny veke her og eg har samla mine lenkjer og høgdepunkt frå denne juliveka:

✦ knallgod kaffi frå Solberg & Hansen, dyrka i ein by i Kenya som eg besøkte med Bømlo fhs
✦ besøke ei god veninne etter jobb midt i arbeidsveka
✦ "Top 10 Best Jamie & Claire Moments on Outlander"
✦ sollyset som titta inn i heimen vår
✦ fire flotte og kule Mummiglas
✦ den bittelille koalaen som ser verda for fyrste gong
✦ sitje ute på balkongen og lese i herleg sommarvêr
✦ originalen er best, men eg synest Mary Poppins Returns er ein fin hyllest til 1964-filmen
✦ og ein liten raud panda som vraltar så søtt
✦ filmen Good Will Hunting og Pixars Coco, begge fekk meg til å byrje å gråte fordi eg blei rørt
✦ når både han og eg les den same boka, Good Omens, eller Gode varsler på norsk
✦ får veldig lyst til å besøke Alnwick Castle når eg les dette innlegget
✦ tur rundt Stokkavatnet der me såg sauar, ender, svaner og ei søt humle
✦ gatekunst i fargerike Fargegaten midt i sentrum
✦ kvite løytnantshjarte langs vegkanten
✦ hi, hi, må le litt av denne elefantungen som spring etter fuglane
✦ sykle til og frå jobb i dagslys, høyre fuglane kvitre, kjenne sola varme
✦ ny vlog frå Jonna
✦ gult er kult, til dømes den fine messinglaven ute ved Strømvig
✦ Sommerboken av Tove Jansson var den perfekte klassikaren i juli

Legg igjen ein fin tanke