3. okt. 2016

Regnvêrsdagar på Sunnmøre

Ei ordentleg langhelg på Sunnmøre er no over, og etter fleire timar på reisefot, var me heime i leilegheita vår her i Stavanger klokka tre midt på dagen i dag. Rart å bruke måndag som ein reisedag. Då me kom til Ålesund i retning Moa og Sjøholt på torsdag, datt regnet ned i bøtter og spann. Vêret forsette slik både fredag og laurdag. Men regndropane på vindauget var jo ganske så fine, og ein kopp med kaffi og eit ullpledd rundt kroppen gjorde det heile litt meir koseleg.


Kvalitetstid med den finaste katten, spele LetraMix, teikne noko fint til bursdagsbarnet eller pusle eit puslespel. Fine, kjekke og varierte aktivitetar som alle fungerar på slike grå regnvêrsdagar.


På laurdag, etter tacoen, blei det porsjonert ut ei lita skål med laurdagsgodt til alle saman, med andre ord elleve skåler. Nokre spelte sjakk medan andre las i ei bok og drakk ein kopp med kaffi. Rett og slett fine dagar med bra folk. Ordentleg hygge. Slike regnvêrsdagar er slett ikkje så verst.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, så koselig! Det er kanskje ikke så hyggelig med mye regn hvis man ønsker å bevege seg utendørs, men det er ikke så ille å høre regnet tromme på vinduet når man sitter inne og spiser godteri og spiller spill.

Silje sa...

Utruleg nok blei det ein tur ned til leikeplassen med ungane i øsande regnvêr, og det gjekk heilt greitt :) Men så klart, ei bok, kaffi, pledd og litt smågodt gjer nok den største susen for å kjenne hygge på ein slik dag ^^

Ragnhild sa...

Stemningsfulle bilete, særleg dei øvste. Fanga liksom essensen av regnvêrshygge!

Silje sa...

Takk, Ragnhild! Ja, det er noko med regnvêr også sjølv om hausten ikkje er min favorittårstid av dei fire :P

Legg igjen ein fin tanke