30. sep. 2016

Svipptur i den botaniske hagen

Forrige veke var det berre til å gå ut og verkeleg nyte soldagane! Temperaturen var ikkje fullt så høg som veka før, men likevel ganske varmt til å vere i slutten av september. Sundag tok me turen til den botaniske hagen her i byen og ein svipptur opp til Ullandhaugtårnet. Tok ikkje med meg speilrefleksen (eigentleg herleg å ikkje dra på det kvar einaste gong med er ute på ein liten spasertur), men eg kunne ikkje dy meg, så det blei nokre bilete med mobilkameraet. Blomar ved ein gard på veg til hagen, og i sjølve hagen eit trolsk tre, ein knallraud benk og ein søt kanin.


Nokre av trea i den botaniske hagen har verkeleg byrja å få haustfargar. Akk, eg kunne fint ha pynta heile heimen med slike haustblad! Lyset i skogen var litt ekstra fint den dagen, og på veg opp til Ullandhaugtårnet møtte me denne utsikta. Vakkert! Stavanger, du er ganske bra, altså!

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Der går jeg hver dag til og fra jobb, helt nydelige omgivelser <3

Silje sa...

Skjønner godt at du synest det er nydeleg, Luisa! Kjem garantert til å gå fleire turar dit :) Håper du får ei kjempebra helg <3

tea sa...

Åh, så fantastisk fint! <3 God helg, Silje!

Silje sa...

Er så kjekt å ha slike område i gåavstand frå heimen vår ^^ God helg til deg også <3

sandra sa...

Som jag längtar ut nu!

Silje sa...

Å vere ute, anten ved sjøen, i fjellet eller i ein slik hage, er jo ei ordentleg glede ^^

Legg igjen ein fin tanke