11. sep. 2016

Tre turar, eit Mummi-kort og ein dose med kaffi


September er godt i gong, ja, me er vel nesten midtvegs allereie. Denne veka har me gått tre turar, to korte og ein lang, me har lese i bøker, vore eit par dagar på jobb og spelt med orkesteret. Er så rart å merke at sola går ned tidlegare om kvelden enn for berre nokre veker sidan. Mykje hygge om hausten med telys, teppe, te eller kakao, men eg må seie at sommaren var over før den byrja. Slik er det kvart år. Det er då det er godt å oppsummere veka slik at eg ser kor mykje fint som har skjedd og kor mykje fint eg har sett eller lese sjølv om dagane blir kortare og det oftare er grått ute:

✦ sende kort til ein fin person, berre fordi det er koseleg (og sende bursdagsgåve til ei god veninne)
✦ små, nusselege grisungar
✦ lyden av fuglar som kvitrar om kapp med regnet
✦ sjå Roman Holiday med finaste Audrey Hepburn
✦ vere instruktør på korpsseminar, for det er noko eige ved korps
✦ tenk å ha ein så kul og finfin campingvogn
✦ sundagstur rundt Stokkavatnet med kaffi på termos
✦ Sandra skriv så bra om "avundsjuk och inspiration overload"
✦ tøft at dette kortet kom fram til den rette personen
✦ infomøte for frivillige i høve Kapittel-festivalen som er frå 14.-18. september
✦ "Tida vi bare va", ein vakker musikkvideo til Sondre Justad sin nye song
✦ ein skatt i eit tre og det fine lyset blant trea rundt Vannassen
✦ elefantar hugsar veldig godt, noko ein kan sjå i denne videosnutten (tenk, for snart sju år sidan var eg akkurat der, ved David Sheldrick Wildlife Trust i Kenya)
✦ kattungar som no er fire veker gamle, inne på bloggen til Rania
✦ ta i mot ein klasse, lese for dei og vise dei rundt på biblioteket
✦ lese i ei god krimbok og drikke heimelaga latte ved sidan av
✦ vakre og draumande bilete hos Silversaga
✦ lese i kvar vår bok, tett inntil kvarandre i sofaen, med tente stearinlys

2 kommentarer:

tea, books and gilmore girls sa...

Tusen takk for kortet! Det gjorde virkelig dagen min! ^^ Ønsker deg en fin uke <3

Silje sa...

Synest det er så koseleg å kunne glede andre, det er ikkje alltid det er så mykje som skal til ^^ Ønskjer deg også ei herleg veke <3