Solnedgangen. Det er noko magisk ved den. Alltid har det vore sånn, og det kjem alltid til å vere sånn. På onsdag førre veke skulle me eigentleg gå rundt Mosvatnet, men fordi det akkurat denne dagen var Mosvannsløpet, enda me opp med å gå opp Ullandhaugbakken og opp til Ullandhaugtårnet. Vêret var heilt nydeleg og det same med utsikta over byen. Å sjå solnedgangen med den ein elskar så høgt, er så innmari fint
♡ Før me traska heim, blei det litt skuggespel på veggen. Ganske koseleg :) September, du har vore fin, rett og slett magisk. Kvardagsmagi.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så koselig! ^^ Godt å høre at september har vært fin! Min september har vært travel og litt kjip, men nå endrer ting seg, så jeg har troa på oktober og resten av høsten. Ha en fin uke! <3
Ikkje fullt så fint her i dag med grått vër og generelt litt mange tankar i hovudet, men ei bok og god musikk hjelper på :) Me får uansett satse på oktober og resten av hausten <3
Legg igjen ein fin tanke