20. sep. 2016

Leik med bokstavar og ord

Då eg fann ut at temaet denne månaden i Monthly Makers var bokstäver och ord (trur ikkje temaet treng oversetting...), hadde eg ein veldig klar idé. Eg ville prøve å printe ut bilete på gamle boksider. Men printaren måtte jo streike akkurat no, så då blei det å komme på noko anna. Ville gjerne bruke gamle boksider som fyrst planlagt, og då eg leita litt rundt på nette, såg eg dette blogginnlegget. Likte idéen veldig godt sjølv om det er ei ei lita stund til jul enno. Og så var det passande at den boka eg hadde liggjande hadde ord som "snø" og "tusmørket", det passa jo rett og slett perfekt!


Pust inn, pust ut. Synest det er ei god påminning i kvardagen, og då eg fann desse orda i ein magasin eg hadde her heime, kunne eg ikkje anna enn å klippe det ut og lime det på eit fint kort frå Søstrene Grene. Kortet heng no inne i skapet over vasken på badet. Slik kan eg sjå det kvar dag.


Sidan eg fyrst var så godt i gong med å bruke gamle bøker, berre måte eg prøve å lage det ein kallar blackout poems. Med litt inspirasjon herifrå, sette eg i gong. Utruleg kjekt å plukke ut enkeltsetningar og framheve dei, eller å sette saman ord til ei ny tyding. Ganske avslappande var det også. Det blei fire slike sider, og dei heng no alle saman over pulten inne på gjesterommet.


Men det eg blei aller mest nøgd med, er denne lille saka. "All was well". Dei tre siste orda henta frå den siste Harry Potter-boka. Eg skreiv bokstavane ned på ei bokside med blyant, klippa ut bokstavane og limte til slutt heile sida oppå ei magasinside med noko fint mønster. Eit lite og fint sitat som får lov til å bu på hylla rett ved senga vår. Og dette er altså mitt bidrag i september.

16 kommentarer:

Anna María sa...

Så många fina bidrag. Idén med julgranen var jättefin! Och "ALL WAS WELL" <3

Silje sa...

Har hatt det veldig moro med å lage desse små prosjekta :) Tusen takk, Anna María! Og ja: "All was well" <3

Borgmästaren sa...

Du har ju varit väldigt produktiv! De verkar som att de goda idéerna bara sprutar ur dig!

Silje sa...

Tusen takk! :D Eg synest dette har vore eit spennande og veldig kjekt tema, så det stemmer nok med det du seier ;)

aliciasivert sa...

Oj vilken konstruktiv månad, kul! Men jag vet också att blackoutpoems är beroendeframkallande ;) Kul att du hittat på olika sätt att göra dem på! Och All was well <3<3<3

Silje sa...

Du kjem alltid med så himla fine kommentarar, Alicia! Tusen takk ^^ Måtte berre ha med "All was well", det er jo noko av det finaste <3

Wilda sa...

Vilken kreativitetsbomb! Så glädjefyllt att ta del av! Och nu blir jag väldigt sugen på black out poems själv. :) Gillar, precis som de andra, sista citatet.

Louie sa...

Så fina!

Silje sa...

Tusen takk, Louie :)

Silje sa...

Wilda: Tusen takk ^^ Blackout poems er noko eg garantert kjem til å prøve ut meir :) Og jepp: det siste sitatet er jo veldig, veldig fint ^^

sandra sa...

Men åh, vad roligt att du verkligen lekt loss den här månaden! Blev pepp på att ta mig an lite fler projekt på temat nu faktiskt. Tack för inspon!

Silje sa...

Veldig kjekt å høyre, Sandra! Er så artig å følgje Monthly Makers og vere med på temaene frå månad til månad :D

Wonderwood sa...

Så flotte prosjekter til denne månedens tema!

God mandagskveld fra
Lena // Wonderwood

Silje sa...

Koseleg kommentar å få sånn i starten av veka :) Takk det same, Lena ^^

Mikaela sa...

Men vad mycket du hunnit med! Och vad FINT! Sista är nog min favvo med, pga allt som är HP-relaterat är ju <3

Silje sa...

Tusen takk skal du ha, Mikaela! Det var rett og slett eit gøyalt tema å arbeide utifrå, og jepp, alt HP-relatert er <3