9. sep. 2016
Danse i regnet
Fyrst var det Billy Elliot, så var det Mary Poppins og no førre helg var det Singin' in the rain. På litt over halvanna år har me sett heile tre musikalar på Folketeateret, alle produsert av Scenekvelder. Trur det er vanskeleg å toppe den aller fyrste opplevinga, men Singin' in the rain er absolutt ei forestilling som leverte. Hovudrollene fungerer veldig bra saman, og birollene er like gode, dei er med på å forsterke forestillinga som heilskap. I orkesteret sit det like dyktige folk, og eg tok meg sjølv i å syngje med på ein del av songane. Med lyden av steppesko og dei flotte dansescenene, er det dette verkeleg ei herleg forestilling! For meg var dette den perfekte måten å starte hausten på!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke