1. juni 2016

Papirbryllaupsfeiring på Kronen Gaard

På måndag lånte me bil av mamma og pappa og drog ut til Kronen Gaard Hotell for å ete middag. For dei som lurer så var det der me hadde bryllaupsfesten i fjor, og me syntest det kunne vere ein fin måte å feire vår fyrste bryllaupsdag på. Me starta middagen med ei veldig god aspargessuppe.


Til hovudrett hadde han ein god lakserett medan eg hadde biff med god saus og mykje grønsaker ved sidan av. Desserten var panna cotta med rabarbrakompott, og sjølv om eg var noko skeptisk til sistnemnde, passa det veldig godt saman; noko søtt og noko syrleg. Kaffi attåt hadde me også.


Før me sa "ha det" til Kronen Gaard for denne gong, måtte me ta ein selfie utanfor Gaardsuiten. Det var nemleg der me budde då me feira bryllaupet i fjor :) Og sjå som eg matcha: kongeblå kjole og kongeblå sko (jepp, det er dei samme eg brukte på den store dagen vår). Av mamma og pappa hadde me tidlegare på dagen fått nokre fine blomar og eit hyggeleg kort (det til høgre, for det til venstre fekk nemleg han av meg). Ei koseleg og veldig fin feiring av papirbryllaupsdagen vår!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Dere er et flott par, altså! Høres ut som dere hadde en fin dag ^^ Skulle til å kommentere på valg av farge på kjolen, men du kom meg i forkjøpet ;) Kjempefin farge!

Silje sa...

Å, Ida! :) Takk for nok ein fin kommentar <3 Og ja, kongeblå er den fargen eg liker aller best - den er berre så himla fin! :D

Sandra sa...

Men åh, vad mysigt! Stort grattis på er bröllopsdag i efterskott :)

Silje sa...

Tusen takk, Sandra! ^^ Vi hadde en kjempekoselig kveld, akkurat slik vi begge ønsket å feire dagen vår!

Legg igjen ein fin tanke