15. jun. 2016

Besøk av ein fin, liten krabat

Som nemnt i sundagslista, så var me i helga fuglepassarar for finaste Zalo. No byrjar han å bli litt meir vand med folk, og i løpet av dei dagane han var her, fekk han lov til å vere litt i lag med oss utanfor buret. Måtte berre ta eit bilete då han landa på hovudet mitt før eg tok fram handa i og med at han helst ikkje skal "kave" rundt i håret på folk. Men sjekk ut kor kul og søt han er, då :)


Oppå buret liker han seg godt, det er ein plass han kjenner. Det var visst noko inni globuslampa som var ganske så interessant å sjå på. Blir jo litt nysgjerrig sjølv på kva som finst der oppe.


Brokkoli er tingen. Etter at pappa hadde henta Zalo sundagskveld, låg det fleire små bitar med brokkoli rundt om i stova. Og ein annan kuriositet: kvar gong me set på TV-en eller ser ein serie på dataen, byrjar han å kvitre og pludre. Ganske så morosamt å høyre på, og kjempekjekt med besøk :)

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Eg tykkjer det verkar so fint å ha ein undulat eller ein annan annan type fugl, dei er so rare og fine. Men har sjølv veldig lite erfaring med dei, so eg trur ikkje det blir undulat på meg, i alle fall ikkje med det fyrste. De er heldige som kan vere fuglepassarar av og til!

Likar at Zalo matchar brokkolien!

Silje sa...

Hi, hi! Trur ikkje eg har tenkt noko særskilt på at Zalo matchar brokkolien! :D Herleg! Ja, dei er rare og samstundes så veldig fine. Me er nok ikkje heilt der at me skal skaffe oss dyr akkurat no (bur i blokk), men å kunne passe på ein fugl som Zalo er alle tiders :)