19. juni 2016

Ein vintagekjole og to bra feiringar

Tenk at masterutdanninga er ferdig. Har ikkje heilt gått opp for meg enno, og det kjem nok til å ta nokre veker. Særskilt når det er jobb som står på planen dei neste vekene. Me har no i alle fall hatt ei kjempefin helg der me har tatt heilt fri, berre slappa av, gått ein lang tur og sett ein gammal film. Ei bok er blitt lese ut, ei anna er blitt starta på. Fin veke med andre ord, oppsummert i denne lista:

✦ ferdig med mastergraden
✦ "Å lese Harry Potter på nytt..." – eit finn blogginnlegg inne hos Lisa
✦ feire mannen sin bursdag med ein avslappa laurdag og betre lunsj på Ostehuset Øst
✦ og feire enda mastegrad med den gode gjengen ute på restaurant
✦ for ein skjønn og herleg kattunge
✦ ta oss tid til å gå ein lang sundagstur på ukjente vegar (austsida av Hafrsfjord), ein tur som blei over ei mil frå start til slutt
✦ ein gammal, sjarmerande og veldig fin bustad
✦ bruke kjolen som eg har arva frå svigermor
✦ låne bil og få unnagjort koffertkjøp, henting av gulvlampe og kjøp av utemøblar
✦ at det på tysdag var sju og eit halvt år sidan me blei kjærastar
✦ sjekk ut denne marmoreringsteknikken (via Monthly Makers på Facebook)
✦ lage noko i samband med junitemaet av Monthly Makers
✦ det er tjuefem år sidan Sofies verden kom ut
✦ finne ein vakker lapp i ei bokhylle på jobb
 rett og slett ha ein ordentleg frihelg utan å tenkje på skule eller jobb

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Unknown sa...

Gratulerer så mye med fullført mastergrad :D For ei deilig uke! Liker veldig godt mønsteret på kjolen din!

Silje sa...

Tusen takk for kjempefin kommentar, Frida! :D Den kjolen er så kul, og arvegods og gjenbruk er alltid tommel opp ^^

tea sa...

Hurra for ferdig mastergrad! ^^ Det høres ut som helga var superfin :) Gratulerer på etterskudd til mannen!

Silje sa...

Hi, hi! Jepp, helga var superbra! Og tusen takk for kjekk helsing, Ida! :D Håper du får ei god og fin veke ^^

Ragnhild sa...

Herleg, vel blåst! Og frå det vo kan sjå av kjolen, ser den ut til å passe perfekt til slike fine sommardagar.

Silje sa...

Tusen takk skal du ha, Ragnhild! Alltid kjekt med ein slik kjole eller to når varmen slår til :)

Legg igjen ein fin tanke