12. juni 2016

Mykje fint rett før eksamen


Aller siste helg med eksamenslesing og -førebuingar. Etter klokka tolv i morgon er det heile over, då er eg ferdig. Akkurat no er eg lettare smånervøs og kjenner det i magen, men det er verkeleg ikkje lenge igjen. Heldigvis. Helga har vore fin med fuglebesøk, bursdagsfest og ein liten gåtur. Sjølve veka har vore fylt med skule og jobb, akkurat som førre veke. Blir rart å berre skulle konsentrere meg om jobb framover. Og kanskje litt lesing av bøker som eg har hatt i tankane lenge, pusle med ting her i heimen, gå turar ute, nyte sommaren. Vel. Her er denne vekas sundagsliste:

✦ fortsetje med å lese bøker eg låner på biblioteket eller bøker som ventar på meg i bokhylla vår
✦ å ete pannekaker ute i det fri, får innmari lyst til å prøve etter å sett dette innlegget hos Sandra
✦ passe finaste Zalo
✦ sitje ute på takterrassen på jobb, ete lunsjen og nyte sola
✦ gå ein minitur opp mot Vålandstårnet der me fekk høyre Tønes spele og syngje "Sån av Salve"
✦ ein god latter på grunn av det morosame skiltet eg såg på måndag
✦ denne søte, lille piggsvinkrabaten
✦ tinge ei natt på eit hotell i Fjærland, for me skal blant anna besøke bokbyen på bilturen vår
✦ nok ein gong ein veldig god tekst skriven av Jonna, denne gongen om det å reise aleine
✦ bursdagsfest for ei veninne av oss
✦ få eit søtt forkle frå 60-talet i posten, ei lita gåve frå min svogers svigerforeldre :)
✦ så himla vakre blomar i dette blogginnlegget hos Emma
✦ og også desse blomane inne på bloggen Vardagskonst
✦ sjå ein episode av Heartbeat
✦ alt det grøne og dei fine dyra rundt Vannassen
✦ at fotoboka med bileta frå Rhodos kom i posten denne veka

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, snart ferdig med eksamen! Krysser fingrene! ^^ HEIA HEIA!

Silje sa...

Tusen, tusen takk, besteste Ida! No er det sommarferie! :D

neverendingcircles sa...

Nå har du ferie- tipper det er deilig! Gratulerer med overstått, håper eksamen gikk bra!

Silje sa...

Jepp, no er det ferie! :D Tusen takk! Eg er veldig nøgd og smilet er stort! ;)

Legg igjen ein fin tanke