17. juni 2016

Bokhyllepoesi

La ut dette biletet på Instagram tidlegare i dag, men må berre leggje det ut her også. Slike små lappar som dette er for meg ei ordentleg fin glede. Ei kvardagsglede. Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Fann den lille lappen med dei fine orda i ei av bokhyllene på jobb. Ein kan finne mykje rart der om ein berre ser seg litt rundt ;) Mannen min og eg har farta rundt på Kvadrat og IKEA etter jobb og eg trur me begge to kjenner at no skal det bli godt å berre ta det heilt med ro, ta helg med godt samvit. Med dei fine orda på lappen og dette blogginnlegget ønskjer eg alle ei bra helg!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Fint! Ein gong vi var på biblioteket fann ei veninne ein konvolutt med påskrifta "til den som finn meg", og inne i den var det eit Moren Vesaas-dikt.

Silje sa...

Kanskje eg må byrje å leggje ut ein slik konvolutt eller to – høyrest jo kjempekoseleg ut ^^ God helg til deg, Ragnhild! :)

Legg igjen ein fin tanke