24. juni 2016

Rundt Hafrsfjord - del 2

På turen rundt Hafrsfjord hadde me så klart med oss kaffi og noko å ete (banan, brødskive og eit par kjeks). Kaffi er alltid ein slager! Han luringen hadde også tatt med seg ein liten pose med svensk chips som me hadde kjøpt i Mathallen dagen før ;) Fann ein benk som stod litt i le, for sjølv om det var sol så å seie heile tida, var det ein del vind og det kunne fort ha blitt kaldt å sitje i ro.


Sjå så fint det er! Små og store hus, brygger ved vatnet, vakre blomar og lukta av sjø. Turstien går langs sjøen nesten heile vegen, men innimellom måtte me inn i nokre bustadfelt. Ikkje at det gjorde noko, då fekk me litt variasjon, og turen er relativt godt merka slik at me heile tida var på rett veg.


Tidlegare denne månaden opna kommunen denne fine gangbrua, ei bru som bind saman turstiane på begge sider av Håhammaren. Det vil seie at ein no kan gå heile stavangersida av Hafrsfjord. Ordentleg fin bru med sitjeplassar som me måtte prøve, så det blei nok ein liten kaffipause :)


Kom oss til slutt vidare langs stien, langs fjell og berg, langs sjø og fjord. Plutseleg var me nesten framme ved Sverd i fjell og der var det ein vikingmarknad. Stappfullt med folk, og det var faktisk vanskeleg å komme oss forbi. Klarte det til slutt og tok så fatt på siste biten heim. Fantastisk tur!

Legg igjen ein fin tanke