20. jun. 2016

Sølvfarga blad

I juni har temaet i skaparutfordringa Monthly Makers vore växter (om nokon lurer: planter på norsk). Blomar, buskar, ugras, blad og andre saker og ting. Eg har alltid latt meg inspirere av blad, særskilt dei med litt mønster og taggete kantar. Akkurat no held me på å finne ut kva me kan ha på den eine veggen på badet, for me tenkjer ein biletevegg med diverse innramma motiv. Plutseleg slo det meg: spraylakkerte blad. Kjøpte ein boks med sølvspray på Biltema, fann ein del blad rett utanfor blokka vår og brukte pappemballasje for å beskytte i tillegg til vanlege ark som underlag.


På dei vanlege arka som eg hadde brukt som underlag, blei det fine mønster, så dei må eg jo nesten gjere noko med etter kvart. Etter at sprayen hadde tørka over natta, hadde blada krølla seg litt, noko som gjorde det vanskeligare å lime dei på arka som skulle inn i rammene. Dette får eg hugse på til neste gong og ev. leggje dei litt i press før eg sprayar. Men ved å bruke litt tack-it ("lærartyggis") og forsiktig dytte dei ned og feste dei på arka, ordna det seg ganske så bra. Blada blei i alle fall i mine auge ordentleg vakre med litt sølvfarge på :) Eit passe enkelt og veldig dekorativt prosjekt. Eit prosjekt som er mitt bidrag i denne månadens Monthly Makers.

16 kommentarer:

Frida sa...

Så fint! Det er så mye stilig og moro man kan lage med blader!

Borgmästaren sa...

Vilken bra ide! Tycker de ser "spaceiga" ut. Som om de kom från yttre rymden.

Silje sa...

Er så einig, Frida! Til dømes: sjølv om hausten ikkje er min favorittårstid, er det noko fint med den likevel på grunn av alle dei fargerike blada :)

Silje sa...

Borgmästaren: Tusen takk! Har ikkje tenkt på det før, men for ein morosam tanke :D

Ida sa...

Fine! Er så imponert over hva du kommer opp med i Monthly Makers. Burde kanskje prøve meg en gang jeg også.

Silje sa...

Gode Ida! Tusen takk! Blir så glad for slike kommentarar <3 Ja, sleng deg med neste månad om du kjenner at du har tid; det er verkeleg artig :)

Anna María sa...

Så fint det blev. Håller med om att det ser väldigt spaceigt ut :)

Silje sa...

Så moro at du også ser det, for det er som nemnt ikkje noko eg tenkte på då eg laga dei! :D Tusen takk, Anna María! ^^

Ruth | HungryHeart.se sa...

Åh vad fina de blev! Perfekt som dekoration på väggen! Och jag tänker att du skulle kunna rama in papperna med silversiluetter av bladen också, för de blev kanonsnygga de med!

Silje sa...

Tusen takk, kjære Ruth! :) Ja, har tenkt tanken om å også ramme inn silhuettane, for som du seier, så blei også dei superfine! ^^

Mikaela sa...

Vad fint det blev! Tröttnar nog aldrig på inramade växter, kul att se dem i en annan färg än deras naturliga :D

Silje sa...

Er så einig, Mikaela! Innramma planter er alltid like fint, og eg synest også at den fargen er ganske kul! Tusen takk for hyggeleg kommentar! :)

Sandra Fre sa...

Superfint! Så inne med metallic i höst också :) Spot on!

Silje sa...

Tusen takk for det, Sandra! :D

aliciasivert sa...

Åh, såna magiska blad! Jag tror det kan hjälpa att pressa dem i några månader först, men det är ju en klen tröst för den som är inspirerad ;) Och personligen tycker jag inte det gör någonting att bladen buktar lite - det tillför snarare liv! :)

Silje sa...

Supert med eit slikt fint tips, Alicia, og takk for kjempefin kommentar! Skal garantert hugse å presse dei i nokre månadar fyrst neste gong! ;)