5. juni 2016

Sommarens fyrste sundagsliste 🌻

Måndag var fylt med både jobb, utlevering av tema for den munnlege eksamenen og feiring av vår fyrste bryllaupsdag. Mykje rart på ein gong med andre ord. Resten av veka har vore fylt med lesing til eksamen, powerpointlaging til det same føremålet, jobb, sol og innimellom har eg funne tid til å lese i bøker eg har hatt ståande i bokhylla eller som eg har lånt på jobb. At leselysta er tilbake, gjer så utruleg godt (eg veit eg nemnde det i førre sundagsliste, men det er like viktig også denne veka). Juni er godt i gong og sommaren er her, og dette blir den fyrste sundagslista denne sommaren:

✦ feire papirbyllaupsdagen vår :)
 blogginnlegg om bøker inne hos Sandra
✦ ordentleg koseleg lunsjbesøk av ei av mine beste veninner
✦ lese ut ei sterk og velskrive bok i solveggen ute på balkongen
✦ gå heim frå skulen i sola, sjå kaninen som trur den er ei høne og også kikke litt på gåsungane
✦ får jo lyst til å prøve å bu slik: denne og denne (via Sandra) og denne hos Rania
✦ kose oss med litt Lindtsjokolade etter ein laurdag med eksamensførebuing og essayskriving
✦ "Lær for livet" – ein bra tekst om folkehøgskule
at sommarferien snart er her
✦ denne enkle, men likevel veldig fine lista inne hos Ida
✦ planleggje ein liten bilferie langs Vestlandet
✦ ein quiz der ein skal prøve å finne boktitlane berre ved hjelp av emojis ;)
✦ sjå oss ut ei lampe til gjesterommet
✦ ei utruleg vakker skildring av mennesket og naturen hos Jonna
✦ gå tur rundt Vannassen på veg til Kilden – alle tiders vêr og skjønne andungar

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Ingenting er som å få tilbake leselysten. Bøker gir virkelig så mye glede! ^^ Takk for link, fine! <3 Håper du og mannen får en super uke :) Og lykke til på muntlig eksamen!

Silje sa...

Alltid kjekt å kunne dele ein slik lenkje eller to ^^ Er så utruleg einig i at bøker gir mykje glede! :D Eksamenen er ikkje før om ei veke, men tusen takk uansett, kjære Ida! God veke til deg også ^^

Legg igjen ein fin tanke