Nok ei veke i januar er snart unnagjort. Skal eigentleg bli godt å vere ferdig med denne veka og starte på nytt igjen i morgon. Den oppgåva skriv seg ikkje sjølv, og det har vore nokre tunge dagar med ein del frustrasjon. Heldigvis har eg ein mann som prøver å hjelpe så godt han kan, og ved å skrive lister og huke av for ting som er gjort, går det heile vegen framover :) Blir så utruleg spennande med ny jobb i morgon, og for de som lurer er det ei vikariatstilling som saksbehandlar ved biblioteket her i byen (ved den eine av to avdelingar). Og så har det jo vore ein del fine ting denne veka som tur i det fine vintervêret. Nedanfor har eg samla saman alt det fine i veke 3:
✦ ei heilt nydeleg tekst om det å ha tid til å leve, skriven av Rania
✦ Sandra har så mange fine og inspirerande innlegg, dette og dette er ikkje noko unnatak :)
✦ setje av tid til å lese i ei krimbok
✦ er glad for å ha ein så fin gjenbruksbutikk i gåavstand :)
✦ gå turar i det heilt fantastiske vintervêret
✦ denne morosame og fine bileteserien, og denne i same slengen
✦ har endå ikkje klart å sjå ferdig den aller siste episoden av Lewis, men den ligg og ventar på meg
✦ pusle ferdig puslespelet med 1500 bitar
✦ Ida si melding av denne Harry Potter-boka
✦ ein pose med "sjitne gulerøde"
✦ så herleg kattevideo :)
✦ signere jobbkontrakt og starte på vikariatstillinga i morgon
✦ alltid så mange vakre og stemningsfulle bilete hos Niina
✦ vere på Instagram (følg meg gjerne her)
✦ "Gee, you're beautiful...It's funny, I had so much to say. And now I can't think of a darned thing." Robert Davis (Fred Astaire) i filmen You Were Never Lovelier frå 1942
✦ spele litt på dette Downton Abbey-spelet
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åh, puslespill er så koselig! Tror kanskje jeg må dra frem et av mine igjen og legge på nytt. ^^ og så spennende med ny jobb! Håper alt går bra på første dag :) takk for link, fine! ^^ ha en fin uke!
Puslespel gir ei eiga ro og det er også ordentleg koseleg ^^ Den fyrste dagen i ny jobb gjekk bra, og så klart vil eg linke når eg les noko kjekt eller fint :) Håper du også får ei fin veke! :D
Legg igjen ein fin tanke