Eit ord som "mønster" kan bety så mykje, og ein kan tolke det på ulikt vis. Når temaet for denne månaden av
Monthly Makers viste seg å vere mønster, har mange tankar og idéar surra og gått oppe i skallen min. Skulle eg lage ein collage på eit vis av mønstre frå serviettar, skulle eg lage eit mønster med penn og papir? Eller skulle eg tolke oppgåva slik at eg laga noko utifrå eit mønster? Eg gjekk for sistnemnde. Grunnen til det var nemleg at eg ville lage noko fleire kaffifilterroser sidan eg gjorde
litt feil sist gong. Mønsteret for rosene er henta frå
Martha Stewart, og mønsteret finn de
her. Eg har ført over mønsteret på bakepapir og så limt dei oppå papp og klipt ut. På den måten har eg hatt solide malar då eg skulle klippe ut alle roseblada i kaffifilter (og nei, dette er på ingen måte "sløsing" av kaffifliter fordi me ein gong kjøpte for små kaffifilter som me ikkje får brukt til så mykje anna). Når det gjeld sjølve "steg-for-steg"-oppskrifta, synest eg
Stine forklarer det veldig bra. Og den bloggposten kan de finne
her. Med mykje teip, q-tips og litt grøn ståltråd satte eg i gong med å lage to roser. Byrja med dei minste blada, surra dei rundt q-tipsen og fekk teipa dei fast, litt etter litt. Då alle blada var på plass, festa eg på litt grøn ståltråd som ein slags stilk og måla roseblada grøne med konditorfarge blanda ut i vatn. Medan blada enno var litt fuktige, tok eg ein tynn grillpinne og rulla blada litt slik at dei ytste fekk ein liten bøyg. Til slutt sette eg dei oppi ein vase, og - voila! Evigvarande roser i heimen. Dette er mitt bidrag til junitemaet av Monthly Makers.
10 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Du Silje, du Silje - alt det rare du fikler med! Men vakkert ble det :-) Aldri hadde jeg trodd at noen kaffifilter kunne bli til vakre kunstverk - men det er nok fantasien min som det er noe galt med, forstår jeg....
Lenge leve kreativiteten! Så klart hjelper det litt å finne inspirasjon i bøker og på nettet ;)
Ooh, så morsomt! ^^
Og eigentleg veldig enkelt ^^
Hoppsan vad överraskande fina de blev! När jag läste om att du skulle ha kaffefilter-mönster i kommentaren trodde jag väl aldrig att det skulle kunna bli så fint!
Tusen takk! Et enkelt og veldig fint prosjekt som pynter opp hjemmet :)
Så fina! Gillar verkligen att du satte färg på dem också, det gjorde dem lite mer levande! Flott!
De er litt kjedelige når de bare er hvite, så litt farge må til :) Tusen takk for fin kommentar, Mikaela! :)
Wow, så vackra och verklighetstrogna rosor! Jag har lite svårt för fakeblommor i vanliga fall men dessa skulle jag kunna ha framme i en bukett året om!
Tusen takk, Alicia! Vet hva du mener med "fakeblomster", men å bruke kaffefilter gir et overraskende bra resultat! :D
Legg igjen ein fin tanke