✦ møte mine tre fine tantebarn, leike med dei, bli kjent med dei
✦ å le høgt og godt av denne søte videoen av ein liten elefantunge som prøver å få tak i sin eigen snabel
✦ få denne fine kjolen og denne tøffe kameraveska (som kjærasten min hadde tinga til bursdagen min) i posten
✦ blomar på trea
✦ berre ein månad og to dagar att til me reiser
✦ vere lenge oppe, omgitt av stearinlys, fin familie og kjærast, spele kort, høgtlesing av quiz, ordentleg hytte- og påskekos
✦ tenk å vere gift i heile sytti år, og når den eine fyrst sovnar inn, følgjer den andre rett etter
✦ sjå dei siste episodane av Poirot – vemodig, men veldig fint
✦ klappe og ta bilete av katten Jeremias og hunden Milo
✦ ein litt vond, men viktig, bileteserie som viser kor forskjellig barn i forskjellige land har det✦ lage yoghurtnøtter utan sukker
✦ vere med ein god gjeng frå brassbandet i morgon for å sjå Mnozil Brass i Kilden
✦ å endeleg få byrja på Pride & Prejudice, miniserien i seks episodar frå 1995 med Colin Firth i spissen. Har venta så lenge med å sjå den, men no kjente eg at det var på tide :)
✦ lese ut ein litt alvorleg, men akk så herleg bok av Arto Pasilinna
✦ kaffiavtale med ei god veninne på skulen
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Vet du hva slags busk/tre det er, med disse flotte rosa blomstene? Kunne godt tenkt meg en slik i hagen.
Ellers ser jeg for meg at Jeremias og Milo må være omtrent like store - 7 kg katt og 7 kg hund, det er det jeg forestiller meg :-) Dog noe forskjellig i utseende og kroppsfasong!
He, he! Ja, det kan fort stemme det at dei er omtrent like store ;) Treet med dei rosa blomane er eit japansk kirsebærtre (men utan kirsebær altså).
Legg igjen ein fin tanke