5. apr. 2014

Sjølv om det regner ute og byen ikkje får vist seg frå si beste side, er det ein fin dag. Det er bursdagen min! Eg feirar den med prikkekjolen både ute i regnet og inne, mange fine helsingar og meldingar, gåver (som denne stilige kameraveska som kjem til meg i posten), litt kake og Les Misérables. Kjærasten min kjøpte billettane i november og ville ikkje at eg skulle setje av kvelden min til noko anna, så du kan jo seie at eg har visst om den "overraskinga" lenge. Men eg gleder meg så innmari mykje likevel! "Do you hear the people sing?". Det er jaggu meg fint å ha bursdag :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Stilig kjole! Igjen - gratulerer med dagen :-) Og som sagt, presang blir det ved personlig oppmøte! Velkommen hit om noen dager. Vi gleder oss til at både dere og barnebarn med foreldre kommer i hus!

Silje sa...

Tusen takk! Kjolen fekk eg jo til jul av min betre halvdel ;) Gleder meg til å treffe alle saman i påska, trur det blir veldig koseleg :)

Legg igjen ein fin tanke