9. apr. 2014

Regn. Dropar.

Sol og knallblå himmel, slik er det ute i dag. På laurdag derimot datt det ned frå himmelen jamt og trutt, så på sundag tok eg med meg kameraet ut i hagen for å ta nokre bilete. Å sjå dropar på eit blad, på vindauget eller på ein blome, er vakkert. Det er pent og nydeleg. Ikkje at eg er så glad i regn, men det er jo likevel noko forfriskande med det. "dråpen/henger der/ikke" (J.E.Vold).

Legg igjen ein fin tanke