7. apr. 2014

"Les Misérables"

Ei bok av Victor Hugo som kom ut i 1862. Historia er fortalt i ganske mange filmatiseringar, den fyrste allereie så tidleg som 1897 (sjølv har eg sett filmen frå 1998 og miniserien frå 2000), men mange tenkjer nok på musikalen som hadde premiere i 1980. På fransk, for den blei ikkje sett opp på engelsk før i 1985. I fjor såg me jo den filma versjonen av musikalen på kino, eg har lese boka og eg har også sett Les Misérables in Concert: The 25th Anniversary. Med det kjenner eg historia ut og inn. Til deg som ikkje gjer det: Les Misérables, eller Dei Elendige på (ny)norsk, er historia om Jean Valjean som etter 19 år som straffange blir sett fri i Frankrike i 1815. Men når Valjean ikkje klarer å skaffe seg arbeid og heller ikkje overhalder meldeplikta si, får han fangevaktaren Javert på nakken. Jakten pågår i mange år. Dette er historia om Valjean og Javert, men også om Fantine og hennar dotter Cosette. Og om Marius som forelskar seg i Cosette, og om Eponine som er forelska i Marius. Me møter også foreldra til Eponine, herr og fru Thénardier. Det er ei historie om opprør, om straff, om tilgjeving, om kjærleik, og rettferd og om urettferd.

Eg er jo svak for musikalar, og etter å ha sett meg godt inn i historia og musikken, blei eg ordentleg glad, ja, nesten i ekstase, då eg fekk vite at kjærasten min hadde kjøpt billettar til musikalen på bursdagen min. På laurdag, sånn rett rundt klokka seks, sykla me ned til Kilden og det heile varte i nesten tre timar. Tre timar med så utruleg bra sangprestasjonar at tårene mine rann både titt og ofte. Særskilt då Espen Grjotheim som Valjean song "Ta Han Heim" ("Bring Him Home"); då hiksta eg nesten, og eg hadde gåsehud langt nedover ryggen. Fekk med eit program, der bileta er henta frå, og som me kan sjå igjennom når me vil (og i det fann me faktisk ut at me hadde nokre kjenningar som sat i orkesteret). For ei oppsetting og for ein fin kveld! Vil sjå den ein gong til :)

Legg igjen ein fin tanke