2. apr. 2014

Ny månad, ny giv

April. "Jeg velger meg april" (B.Bjørnson). Eg skjønner ikkje at april er her allereie. Om halvannan månad er me ute av leilegheita, og berre nokre dagar etterpå er me på reisefot til Island. Tida fyk av garde, som det så ofte gjer, og for å ikkje få det så himla travelt i mai med korpsavslutningar og så klart sjølvaste syttande mai, har eg byrja å rydde i alle krikar og krokar i leilegheita. Ja, nesten ei lita vårreingjering. Me har ganske så mange esker og boksar stappa med alt mogleg, så det er mykje å gå gjennom, sortere, kaste, og det blir nok også ein "gi-bort-haug". Og det er faktisk litt spennande når ein finn noko ein ikkje har sett på lenge. Har også fått vaska den stilige prikkekjolen som eg fekk til jul (noko som ikkje var berre berre, for den måtte vaskast for hand) og på laurdag blir det musikalen Les Misérables i Kilden – eg gleder meg som ein liten unge!

Legg igjen ein fin tanke