4. apr. 2014

Denne vekas gledespunkt



Fekk så lyst til å dele ei liste med dykk sånn no når helga står for tur. Og det er verkeleg mange fine ting å føre opp på lista denne veka! Ein kan merke at det er vår med fuglekvitter, fine blomar, herleg sol, grønt gras – det er ei herleg tid :) Har vandra rundt på Sørlandssenteret i dag, noko som eigentleg er ekstremsport: det er så stort og ein blir varm av å berre gå rundt, drasse på posar, tråkke på hardt golv. Men så fekk eg gjort nokre ærend og til og med hjelpt ei kjenning med å få tak i noko veldig spesifikt, så det var ikkje  ille, altså. God helg, og kos dykk med denne fine lista:

✦ at me har funne bustad i Reykjavik og New York på airbnb.no
✦ sjå dette frieriet frå Glee – eg blir like glad kvar gong
✦ gå hand i hand heim frå butikken
✦ denne fine lista med over "100 saker att göra"
✦ om å miste gifteringen og få den tilbake ni år etterpå
✦ finne små fine saker som vekkjer gode minne, som eit lite sjokoladehjarte og nokre gummibjørnar eg fekk av han der fine då eg gjekk på folkehøgskulen. Veit ikkje om det smaker så godt no, så lenge etterpå, men fint likevel
✦ ein fantastisk miniatyrvideo av Oslo
✦ vårblomar
✦ å gå rundt og plutseleg finne Habitat, min nye favorittbutikk
✦ finfin video om ein hund som tar til seg foreldrelause kattungar
✦ stå og vente på bussen, la tankane fare og sjå at trea ved busstoppet liknar på prylepilen i Harry Potter ;)
✦ herleg piggsvin og ei nusseleg and
✦ om ein tur til Afrika 
✦ ikkje berre eg som har kjøpestopp og som liker å lage ting sjølv
✦ berre ein dag igjen til Les Misérables
✦ prikkete skrivebok og retro mønster
✦ kreativitet

Legg igjen ein fin tanke