11. apr. 2014

Noko fint akkurat no, sånn rett før påske

No er me vel framme på Sjøholt etter ein nokså lang reisedag. Trur eg kunne ha sovna på flekken då me kom inn døra, men har greidd å halde meg vaken enn så lenge. Få planar for påska, men det er berre godt, det. Blir nok litt påskekrim i bokform (las ut ei bok på turen i dag) og på TV. Høyre på fin musikk, kanskje ta ein tur på kino, slappe av, gå ein tur viss vêret tillèt det (foreløpig ser det dårleg ut), lese endå meir, spele litt spel, vere saman med fine folk, ja, eigentleg akkurat slik påska pleier å vere. Så vil eg berre få ønskje dykk alle saman ei god påske med denne fine lista:

✦ stå opp tidleg for å nå flyet til Vigra = påskeferie
✦ sendt inn innmelding til vigsel, noko som er skummelt, spennande og innmari fint på same tid
✦ at eg har kjøpt denne oransje retrokjolen (se langt ned på sida), som eg har hatt lyst på i eit halvt år, for ein liten del av bursdagspengane
✦ at eg om to dagar skal få møte mine nieser og min nevø
✦ tenk å ha nokon som dansar irsk dans i bryllaupet
✦ fantastiske bilete tatt frå fly, og bilete nr.9 er faktisk eit bilete over Ørsta
✦ Garden som syng den fine "Brudemarsj fra Lødingen" (bryllaupsinspirasjon de luxe)
✦ lese at folkehøgskulen fekk besøk av to kenyanare som eg også veit kven er frå min tur til Afrika saman med klassen min (i november 2009, allereie godt over fire år sidan)
✦ herleg katt som krev mat
✦ morgondogg
✦ å ha på meg den prikkete kjolen då me såg Les Misérables førre laurdag
✦ oppdage denne fine songen av Emilie Nicolas
✦ eit forfriskande herleg blogginnlegg skrive av ei eg kjenner
✦ å vite at eg skal sjå Poirot som påskekrim (berre så utruleg dumt at dette er dei aller, aller siste episodane...)

Legg igjen ein fin tanke