8. aug. 2013

"Fantasi"

Midt oppi alt kaoset, har me kost oss om kveldane med litt kortspel, symaskin, film og spelet "Fantasi". Eg har tidlegare omtalt "Cranium" der eg nemnde at det liknar litt på klassikaren "Fantasi". "Fantasi" er verkeleg eitt av mine favorittspel, det får latteren til å boble og ein blir full av energi. Kjempegøy med miming, teikning og så klart gjetting. Hadde siste dagen vår på Sola i går, og no er me tilbake i Kr.sand. Skulen byrjar på måndag. Merkar at eg ikkje er klar, ikkje i det heile tatt. Er så mykje eg skulle ha gjort, så mange eg skulle ha vore med. Slik er det alltid med sommaren – den går så altfor, altfor fort. Og så ser det jo ikkje ut heime på Sola no, det er rett og slett ting og tang over alt. Men mamma og pappa har tatt seg ein velfortjent tur til hytta, så får ting skje når dei skjer. Slik er det berre nokre gongar. Og sjølv om eg kanskje ikkje er heilt klar for skule og kvardag, skal det blir veldig greitt å komme i gong med faste rutinar ;)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

He - det arret på kinnet er 27 år gammelt :-) Jeg var ikke klar over at det ennå var så synlig, for det vises jo egentlig ikke noe særlig. Utrolig hva kameraet kan få fram når man går tett på. Tviler på at eieren av arret husker hvordan han fikk det, men jeg har historia... :-)

Silje sa...

Rart du skulle nemne det; me hadde nemleg bror nr.3 på besøk i dag og då snakka me om denne episoden ;)

Moder'n på Møre sa...

Har broder'n vært der?? Visste han skulle til Sørlandet, men tenkte han reiste forbi dere da, og lenger vestover. Husket han episoden, da? For han var jo heller ikke store knøttet, og det var nr. 2 som skulle ha overoppsynet med sofahopperen :-)
For øvrig, noen merker etter oppveksten skal man jo ha - jeg har fortsatt noen :-). Har du forresten sett om det finnes merke etter tiurklypet?? Du har vel hørt den historien også ...:-)

Silje sa...

Joda, han tok turen innom i går før han drog vidare til bryllaupet i Lyngdal. Me åt god lunsj ute, rusla ein tur ned til svaberget og berre tok det med ro. Hyggeleg med besøk! Og ja, han hugsa den episoden ;) Eg har ikkje sett noko merke etter det tiurklypet, men han fine hugsar godt at det skjedde etter at dei følgde etter tiuren.

Legg igjen ein fin tanke