Fyrste forelesning er overstått. Eller vent. Det var visst ikkje forelesning likevel denne veka, for læraren er bortreist. Ja, ja. Så har eg fri i nokre dagar til. Skal ikkje klage over det :) Her har me for det meste berre slappa av, handla litt mat og slikt som me treng til leilegheita, vore ute i sola med ei god bok (
The Rosie Project som er ei veldig herleg bok) og iskaffi, gjort litt husarbeid og på måndag var me ute i hagen for å prøve det nye bocciaspelet som han fine fekk til bursdagen sin. Ordentleg artig (og så må det nemnast at eg vann)! I dag, utenom å ha vore ein bomtur på skulen, har me vore nede i byen der me åt på restaurant. Det er nemleg greitt å vere student når du kan slippe å lage middag og heller ete ein god middagsrett ute for hundre kroner :)
Legg igjen ein fin tanke