21. aug. 2013
Noko kongeblått
Fyrste, andre og tredje forelesning er allereie unnagjort (byrja sånn ordentleg for to dagar sidan). Eg trur det kjem til å bli eit okei sistesemester her på UiA. Tar både språk- og litteraturemne, akkurat som i fjor haust og i vår. Denne haustens litteraturemne er, heldigvis, meir fokusert på korleis me les ein tekst, ikkje berre læraren si tolking, og pensumet er meir overkommeleg. Men – det eg eigentleg skulle skrive om, var at det kom ein pakke til meg i posten på måndag. I dette innlegget fortalde eg om nokre utruleg fine øyredobbar, kongeblå øyredobbar. Til slutt klarte eg ikkje å vente lenger, det var nemleg berre dette eine paret, så førre veke klikka eg dei heim. Sjølv om eg måtte betale litt i frakt, kom det heile på under to hundre kroner, og det var verkeleg verdt det. Då dei kom i posten på måndag, reiv eg nesten opp pakken. Oppi låg det eit fint brev frå seljaren og øyredobbane var fint pakka inn i ei lita gåveeske. Eg opna gåveeska og der låg dei. Fargen er berre nydeleg, og den er endå djupare enn på biletet (eg vil nesten ikkje vise dei no, for dette er øyredobbar eg fint kan tenkje meg å bruke i bryllaupet mitt; noko farge må eg få ha på meg...) Ein kan finne så mykje fint på etsy.com, sjå på alt det folk har laga, berre drøyme seg bort.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Å - så fine! Jeg har også denne sansen for blått, så jeg forstår absolutt hvordan du reagerer når du ser noe pent i blått :-)
Viste jeg deg det blå kjedet som vi kjøpte på glassblåseriet i Venezia? Måtte bare ha det :-) og bestemte at det skulle være forskudd på bursdagsgave.
Apropos bursdag: dere husker vel på en rund dag i dag??
Ja, eg har alltid likt blått, det er min absolutte favorittfarge! :) Eg hugsar faktisk ikkje om du viste meg det blå kjedet, men ja, me har hugsa rund dag i dag ;)
Legg igjen ein fin tanke