30. aug. 2013

Ein liten, grøn firehjuling


Nokre gongar når ein berre traskar litt rundt i nabolaget og eigentleg ikkje har nokon intensjon om å ta mange bilete, kjem ein plutseleg over fine fotoobjekt. Og denne bilen er eit slikt objekt. Kvar gong mamma ser eller høyrer om ein slik bil, ein Citroën 2CV, høyrer eg eit lite sukk eller eit stort kvin. Før broren min og eg blei fødd, hadde ho ein slik bil, berre den var kvit og grøn. Gleda er stor kvar gong ho ser ein bil av same type. Håper du koser deg med bileta, mamma!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Åhhh...
Vel du har nå sittet i den du og. Solgte den først i 1993, og savner den ennå. Stod faktisk og gråt da den var solgt og kjørte avgårde fra meg. Sukk :(

Silje sa...

He, he! Men eg er ikkje sånn som pappa som hugsar frå han var eitt år ;) Håper de hadde det fint på hytta :)

Legg igjen ein fin tanke