8. apr. 2013

Peplumtopp

Neida, dette skal ikkje bli nok ein moteblogg. Men eg er forelska og har vore det ei stund. I slike peplumtoppar. Eller det ein kallar tulipantopp eller topp med kappe. Kjært barn har mange namn. Dei finst med blomar på eller prikkar, einsfarga, med blonder, med eller utan erme og i alle moglege fargar. Kappa, som går ut frå midjepartiet når ein har toppen på, skapar ein fin og feminin figur, noko som ein kan bruke både til kvardag og til fest. Sjølv om eg som regel går i vanlege genserar, så har eg av og til slike dagar der eg gjerne vil pynte meg litt. Då er peplumtoppen perfekt. I skapet har eg fire slike toppar, blant anna denne frå LaRedoute i marineblått. Og så har eg også ein kjole med kappe, denne er også frå LaRedoute. Det er sjeldan eg fell for ein trend, men eg kunne fint ha fylt opp skapet mitt berre med peplumtoppar (veit ikkje om mannen i huset hadde gitt meg lov til det...). Kollasjen er laga på polyvore.com og ikkje med Photoshop, og det er den mintgrøne-lyseblå toppen med prikkar på som er min absolutte favoritt her :) Nettopp komme heim i frå skulen, og seinare blir det, etter ein lang påskeferie, korpsøving :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Unknown sa...

Jeg digger den beige med svart blondemønster :-)

Silje sa...

He, he! Eg trur faktisk det blir nr.2 på lista mi, bak den mintgrøne ;) Men ikkje for det; alt som har prikkar, blonder og peplum er alle tiders :D

Legg igjen ein fin tanke