Kvelden i går blei like bra som det eg hadde trudd! Kjempekjekt å treffe dei fine jentene igjen, dei som eg gjekk i klasse med dei to fyrste åra her på UiA. No når mange av oss går i forskjellige klassar, er det altfor sjeldan at me ser kvarandre. Eg ser nokre av dei i gangane og på biblioteket på skulen, men det blir ofte med det. Så difor var det ekstra kjekt å treffe dei i går. Før kvelden starta, fekk eg lese litt på den norrøne grammatikken, og så stod eg ei stund på kjøkkenet der eg bakte muffins og brownies til tapasen (som dessert etter all den gode maten, og ikkje som middag, altså). Biletet ovanfor viser jentene, klare til å ete, mens biletet nedanfor, viser all den fine og gode maten som me fekk smake på. Alle hadde bidratt me noko, så det var litt av kvart å velje mellom.
Etter å ha ete, blei det mykje snakking om alt frå musikalar til "Tore Tang", ja, me var innom veldig mykje rart, slik det ofte blir på ein jentekveld som det me hadde i går :) I dag har me berre tatt det med ro. Var ein tur innom butikken og elles har me sete ute i sola med ei god bok og kryssord. Roleg dag, og roleg kveld, med andre ord. Så blir det kanskje litt meir skulearbeid i morgon.
Legg igjen ein fin tanke