18. apr. 2013

4-4-4

Og kva betyr så desse firetalla? Jo, det betyr fire år, fire månadar og fire dagar. Nei, me har ikkje vore trulova så lenge. Men me har vore i lag i nøyaktig fire år, fire månadar og fire dagar. Kven bryr seg eigentleg om det? Det er jo ikkje noko særskilt viktig, men når eg fyrst har lagt merke til det, så har eg lagt merke til det. Tenk at det er så lenge sidan allereie... Den fjortande desember totusenogåtte, kom han heim til meg; eg hadde invitert han heim til meg for å sjå film. Me visste nok begge to at det låg noko meir bak den invitasjonen, men lite visste me at me no, over fire år etter, sit her, er trulova og med det har lova kvarandre ei framtid saman. Den fjortande desember totusenogåtte var den dagen då me byrja å kalle oss eit par, kjærastar. Det er så himla fint, det. Noko meir har eg ikkje å seie. Det har vore ein heilt vanleg dag i dag med skule og jobb. No sit eg her, skal sjå litt på film, og i morgon er det nok ein dag, nok ein fredag med norrøn grammatikk på planen. Og jentekveld med tapas. Trur det blir ein fin fredag, og ei fin helg. Og gratulerer til mamma som har bursdag i dag! Håper du har hatt ein strålande fin dag, for det fortener du :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

:-) :-) Jo, tida går! Men det er vel en du savner i kveld? Det sier du ingenting om.
Fikk en sms fra poden, på vei til storbyen, om at han hadde fått med seg at kraftstasjonen "vår" på andre sida av E39, har mørklagt hele Nordvestlandet! Heldigvis ble det fort fikset her lokalt ihvertfall :-) så vi har strøm nå.
Gratulerer med den fine jakka! Du er heldig som har en strikkende mor. Det er det ikke alle som har.... Uten å nevne noen spesielle :-)

Silje sa...

Det var eg som sendte melding til han på toget om straumbruddet; eg høyrde det nemleg på radioen på veg heim i frå jobb. Ja, eg veit eg er heldig som har ei mor som kan strikke, og den jakka var berre perfekt! Og han kjem jo heim i morgon kveld, så det skal nok gå greitt ;)

Moder'n på Møre sa...

Jo, et par dager må vel gå :-) Jeg måtte vente et helt år, da Fader'n på Møre var på Svalbard! Det var lenge det!!

PS: det var mange som fikk med seg at "vi" hadde tatt strømmen fra folk. Min søster f.eks. ringte og spurte om vi satt her i mørket :-)
Jeg lurte litt på hvordan Å hadde fått tak i nyheten, for vi visste jo ingenting her oppi bakken!

Silje sa...

He, he! Ein får med seg mykje rart på radioen ;)

Legg igjen ein fin tanke